Som kanalvert hjå statskanalen lyt du «ha is i magen og eigenskapen til å snakke sjølv om hjernen slår seg av grunna stress». Yasmin Syed har framleis rekorden for å springe fortast inn i studio i NRK.
mm
Yasmin Syed

Alder: 53

Frå: Vinje, Telemark

Yrke: Kanalvert NRK1

Utdanning: Musikk og teater frå PLU (Pacific Lutheran University, Tacoma WA)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Denne jobben ser veldig enkel ut frå utsida, men då eg kom på innsida så forstod eg kor utruleg mykje arbeid som ligg bak nokre tilsynelatande enkle sekundar på skjermen, fortel Yasmin Syed på e-post til Framtida.no.

53-åringen frå Vinje i Telemark er kanalvert hjå NRK1.

Nokre få sekund krev kanskje fleire timar med arbeid, men Syed er ikkje i tvil om kva det beste med arbeidskvardagen er:

– Følelsen av å bety noko for alle dei einslege som berre har meg som selskap. Særleg rundt høgtider når det dessverre sit altfor mange aleine, fortel ho og legg til:

– I tillegg har eg gode kollegaer og er på evig jakt etter ein ny formulering til det same programmet etter 200 gonger.

Syed hadde ei av hovudrollene i filmen Halveis til Haugesund frå 1997. Det gjorde at NRK fekk augo opp for telemarkingen.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen? 

– Som så mykje anna i livet så var det nok litt tilfeldig.

Ragnhild Sælthun Fjørtoft såg eit intervju med meg i Norsk Ukeblad der eg promoterte filmen Halvveis til Haugesund. Her hadde eg på meg den vakre vest-telemarksbunaden min og det gjorde nok utslaget. Ho ringte meg og lura på om eg ville koma på audition her på NRK.

Resten er historie.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut? 

– Ein vanleg arbeidsdag er aldri heilt vanleg. Me har vakter som er til å førebu og vakter som er til å presentere direkte/live på NRK1, fortel Syed.

Kanalverten fortel at førebuingsvaktene går med til å sjå igjennom programma for å vite korleis dei startar og sluttar, og for å ta ut strekk som kan klippast saman til ein såkalla teaser. Denne teaseren skriv kanalverten tekst til, og les inn til dei som klipper det heile saman, om ikkje kanalverten klipper det sjølv.

Yasmin Syed er kanalvert hjå NRK1. Foto: Privat

– Det hender me lagar så mange som 5 teaserar på ein dag – litt avhengig av kva tid på året det er. Premierer, nye seriar og liknande har sjølvsagt mykje å seie her.

I tillegg lyt Syed skrive eit manusutkast der all informasjonen ho har samla inn er teken med.

Ein lyt likevel vere i stand til å tenke på ståande fot:

– På kveldsvaktene (det er då publikum ser oss) må me heile tida halde oversikt viss det dukkar opp ny informasjon om programma eller som er relatert til programma me sender, forklarar Syed og fortel at dette er særleg viktig om det er eit aktualitetsprogram som står for tur.

Samstundes må ein kanalvert kunne justere manuset sitt for å passe tida, og nytte dei sekunda ein får tildelt.

– Me skal ha 15 sekund på kvar overgang men nokon gonger får me mindre, andre gonger må me fylle mykje meir.

Teaserane som vert laga dagen i førevegen, vert livevoica på kvelden. I tillegg programmerer dei grafikk som vert brukte for å understøtte annonseringane.

– Og så gjeld det å halde energien oppe. Annonseringane skal vera like energiske kl. 17 som kl. 23.20.

Sjå også då kanalvert Ingvild Helljesen tok med sjåarane bak kulissane i NRK1:

– Førebudde utdanninga deg på yrket? 

– Når det kjem til det journalistiske så gjorde den ikkje det. Research, eller innhenting av informasjon som det heiter på norsk, er jo eit fag, fortel Syed.

Ho poengterer at no til dags er dei fleste unge allereie gode til dette på grunn av sosiale medium og Internett.

– Når det kjem til det å framføre tekst, diksjon, stemmebruk og å ha ein synleg rolle så må eg seie at utdanninga mi førebudde meg.

– Kva er det mest utfordrande? 

– Når store uventa ting skjer og me må kaste oss rundt og ta ting på sparket. Alt frå kvardagslege omleggingar til store nasjonale kriser som til dømes 22. juli. Andre ting kan vera viss datamaskinene ikkje er samarbeidsviljuge rett før raudljoset kjem på.

Meir enn ein gong har ei direktesending vore for kort, så Syed må springe inn i studio medan sendeleiaren ropar etter ho kva programmet ho skal introdusere handlar om.

– Då gjeld det å gjere gode miner til slett spel, seier Syed.

– Andre utfordringar er når det kjennest ut som om livet ditt fell i grus og du ikkje kan vise det på skjermen. «The nobel art of faking» er ein viktig del av jobben.

I tillegg passar det ikkje alltid like godt å jobbe i helger eller heilagdagar – men ein blir vand med det, fortel kanalverten.

Visste du at Yasmin Syed også har vore programleiar i NRK-serien Dialektriket? Der kåra dei Noregs beste dialektord: 

– Kven passar yrket for? 

– Du skal ha is i magen og eigenskapen til å snakke sjølv om hjernen slår seg av grunna stress.

Samstundes må du halde tunga rett i munnen, ha god diksjon og simultankapaistet, fortel kanalverten.

– Til slutt så er det noko som heiter x-faktor – den faktoren som gjer at nettopp du kjem gjennom tv-ruta. Til dags dato så er det ingen som veit kva det kjem av, men det har ikkje med utsjånad å gjere.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben? 

– Du treng ei journalistutdanning og tryggleik ved framføring av tekst. Du treng eit godt språk enten nynorsk eller bokmål og helst eit eller fleire framandspråk.

–  Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Heilt i starten av karriera mi som kanalvert så måtte eg springe veldig fort inn i studio. Me hadde heilt gløymt tida og enten eg stod der eller ikkje så ville studiobiletet koma på. Eg var heldigvis ung den gongen og sprang veldig fort (har framleis rekorden) og sklei akkurat inn i biletet då det fada opp frå svart. Det såg nesten ut som det var planlagt. Du kan seie eg var andpusten, men heldigvis så var det annonsering inn til barne-tv og der var høg energi alltid på sin plass.

Med denne jobben har eg òg lært meg å grine på ein ny måte. Trikset er å bøye seg framover slik at tårene dett rett ut av auge. På den måten øydelegg du ikkje sminka…

Og sist men ikkje minst så gjorde ein kollega meg merksam på at me har i snitt 75 livesendingar i året. Det er det ikkje mange som har.

Susanna Huneide Thorbjørnsen er marinbiolog. Foto: Even Moland

Kommentarar

ANNONSE