Yrket mitt: Stine Kamilla (28) er formann på fisketrålar

Det mest utrulege som har hendt den 28 år gamle fiskaren på arbeid er då dei miste ein mann på sjøen i Barentshavet.

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Heilt sidan eg var lita har eg hatt lyst til å reise til sjøs, fortel Stine Kamilla Schjelderup Mathisen.

Faren hennar eigde fiskebåt då ho var lita, så 28-åringen frå Fosnavåg i Møre og Romsdal har alltid hatt interessa for sjøliv og fiskeri.

No arbeider ho som formann på ein fisketrålar.

– Svarte det til forventningane?

– Ja, eg synest det er heilt fantastisk å vere på sjøen.

Arbeider 12 timar i døgnet

Mathisen er heller ikkje åleine om å ville bruke arbeidskvardagen på havet. Etter fleire år med nedgang i talet fiskarar i landet, vil stadig fleire unge no verte fiskarar.

Då krevst det at ein går første året på naturbruk på vidaregåande, så eit år på fiske og fangst, før ein har to år som lærling.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Ja, vi lærte ein del på skulen som eg treng i yrkeslivet, og sidan eg først var lærling om bord fekk eg god opplæring, fortel Mathisen.

Stine Kamilla Schjelderup Mathisen er formann på fisketrålaren Ramoen. Foto: Privat

Yrkesstatusen har auka og gode løningar lokkar friske bein til fiskebåtane, men det er ikkje flust av verken læreplassar eller arbeidsplassar.

Om ein først har kome seg på båt, kan ikkje drive dank medan pengane rullar inn på konto. Om bord på trålaren går Stine Kamilla Schjelderup Mathisen 6 timar på vakt og har 6 timar fri:

– Eg jobbar då 12 timar i døgeret, fortel 28-åringen.

Ho jobbar til havs i fem veker av gangen, og har så fem veker fri heime.

– Som formann har eg ansvaret i fabrikken på den vakta eg går. Eg har ansvaret for at alt utstyr fungerer som det skal, og sjekkar at det er god kvalitet på fisken vi produserer.

På fisketrålar er det lange dagar med hardt arbeid, fortel Stine Kamilla Mathisen. Foto: Privat.

Ofrar mykje

Den største feiloppfatninga som rår om fiskaryrket, er knytt til nettopp denne turnus-ordninga:

– Mange meiner at «vi har mykje fri», men vi er også mykje vekke, ofrar mykje tid med familien og vennar. Det er lange dagar med hardt arbeid, slår Mathisen fast.

Det er også det 28-åringen synest er det mest utfordrande med yrket – at ho går glipp av ting som hender heime medan ho er på båten. Bursdagar ho ikkje får feira og bryllaup ho ikkje får delteke i.

– Kva er det beste med jobben?

– Spenninga, fridomen når eg er heime, det sosiale om bord, og at ingen dagar er like.

Heiar på fiskarjenter

Sjølv drøymer Stine Kamilla Schjelderup Mathisen om å verte skippar på ein trålar, og ho heiar på at fleire jenter skal satse på fiskeri.

Samstundes meiner ho yrket passar for dei som har stå-på-vilje og som likar fysisk arbeid.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Lære seg å bøte kan vere ein stor fordel når ein skal søkje jobb. Å vise interesse og ikkje vere redd for å ta i eit tak.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Då vi mista ein mann på sjøen i Barentshavet. Men det gjekk heldigvis bra då mannskapet er godt trent og kursa til å handtere slike hendingar.

Eigentleg skulle Maria berre vere med på tur ei veke i samband med arbeidsveke på skulen, men det vart fort til ein månad. Foto: Eivind Mikal Sævik.

Stine Kamilla Schjelderup Mathisen

Alder: 28

Frå: Fosnavåg

Yrke: Formann/Fiskar

Utdanning: 2 år naturbruk/fisk og fangst, 2 år lærling, bachelor i nautikk