Natur og ungdom: – Regjeringa lurer seg sjølv
Natur og ungdom meiner regjeringa gjer for lite for å kutta klimautsleppa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Regjeringa lurer seg sjølv viss dei meiner dei klarer å nå klimamåla, samtidig som dei ikkje vil kutta meir til neste år, seier leiar i Natur og ungdom, Therese Hugstmyr Woie til Framtida.no på telefon.
Ho saknar ei tydeleg prioritering av klimakutt framfor auka satsing på forbruk, oljeleiting og meir til motorvegar.
– Dei siste to åra har me sett det største ungdomsopprøret til historia for klimaet og dei dystraste rapportane om tilstanden til naturen og klimaet nokosinne. Med dette statsbudsjettet gjer ikkje regjeringa prioriteringane som trengst for å snu utviklinga i 2021, seier leiaren i Natur og ungdom.
Regjeringa vil koma med fleire tiltak
Regjeringa vil bruka 11,2 milliardar kroner meir på klima- og miljøtiltak i 2021. Samtidig reknar dei ikkje med å nå målet om å kutta halvparten av utsleppa innan 2030 utan endå fleire tiltak.
Klimaminister Sveinung Rotevatn lovar i statsbudsjettet å leggja fram ein klimaplan som viser korleis Noreg skal klara å kutta minst 50 prosent av utsleppa.
Leiar i Natur og ungdom, Therese Hugstmyr Woie, er ikkje nøgd.
– Me får ingen garanti om at me klarer å starta på dei store kutta til neste år. Prioriteringane må skje i statsbudsjettet, seier ho. Ho åtvarar mot å utsetja dei store kutta til seinare. Då må ein i så fall gjennomføra drastiske kutt på få år for å nå klimamåla.
LES SAKA: Rekordstort budsjett for klima og miljø, men regjeringa reknar med å bomma på klimamål
– Nokre lyspunkt
Leiaren i Natur og ungdom seier at statsbudsjettet har nokre lyspunkt.
– Meir pengar til kollektivtrafikk, litt meir til tog og karbonfangst og -lagring er bra, sjølv om det burde blitt gjort før.
Eit anna lyspunkt for Natur og ungdom er at regjeringa vil gjera det meir lønsamt å oppgradera vasskraftanlegg.
– Det å henta ut meir fornybar energi frå dei naturinngrepa som allereie er gjort er bra. Me vil trenga meir fornybar kraft, understrekar Therese Hugstmyr Woie.