Nye tal: Éin million døde av korona

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korona-pandemien: Dyster milepæl er passert

Det første bekrefta dødsfallet av sjukdommen blei registrert i Wuhan-provinsen i Kina 9. januar, mens det første dødsfallet utanfor Kina blei registrert 1. februar på Filippinane, ifølgje NRK.

Pandemi

Sidan då har virussjukdommen utvikla seg til å bli éin av dei største pandemiane sidan Spanskesjuka herja for hundre år sidan.

33 millionar menneske er no registrert smitta, ifølgje Worldometer. I Noreg er det 13.658 registrerte smitta.

USA har flest døde i verda, med over 209.000 døde. Her er over 7,3 millionar registrert smitta.

Heidra dei døde

Familiane etter folk som har døydd av koronaviruset heidra dei døde med 53.000 spanske flagg i hovudstaden Madrid på søndag.

Spania er eitt av landa i Europa som er hardast råka av covid-19, og har no opplevd ein ny auke i smitten.

LES OGSÅ: 1 av 5 unge har slutta å gå ut av huset som følgje av pandemien

Koronapandemien har endra kvardagen for folk. Heimekontor har blitt svært vanleg. Illustrasjonsfoto: Yogendra Singh, Unsplash.com

Desse landa har flest døde av covid-19:

  • USA: 209.326
  • Brasil: 141.441
  • India: 94.971
  • Mexico: 76.243
  • Storbritannia: 41.988
  • Italia: 35.835
  • Peru: 32.142
  • Frankrike: 31.700
  • Spania: 31.232
  • Iran: 25.589