Ny folkehøgskule får pengar av regjeringa – satsar på blålys og entreprenørskap

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I neste års statsbudsjett er det sett av fem millionar til drift av Stord folkehøgskule, frå august til desember neste år. Og etter det om lag 12,5 millionar per år. Dette sikrar oppstarten av folkehøgskulen, midt i Leirvik sentrum på Stord i Sunnhordland.

– Heilt fantastisk, seier dagleg leiar ved Stord Folkehøgskule, Geir Angeltveit til Framtida.no på telefon.

Til hausten vil det dermed vera 84 folkehøgskular i landet.

LES OGSÅ: Ungdommar strøymer til folkehøgskulane

Dagleg leiar Geir Angeltveit (i midten) fekk beskjeden om millionløyvinga frå regjeringa frå Terje Breivik (V) til venstre og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Astrid Larsen

Seks nye linjer

Stord folkehøgskule skal ha 125 plassar, og seks linjer. I tillegg til politi- og vektarlinje, blir det motocross, film og tv, idrett, friluftsliv og entreprenør- og idémakarlinje.

– Det me skil oss ut på er at me fokuserer på entreprenørskap, seier Angeltveit.

Stord kommune er den kommunen i landet som er mest avhengig av olje- og gassnæringa, og han meiner det derfor er bra at det blir satsa meir på entreprenørskap på skulen. Berekraftmåla til FN ligg i botn for det dei gjer.

– Elevane skal få høve til å utvikla året meir fritt enn på ein vanleg skule, seier han, og seier elevane skal få velja mellom fleire festivalar og arrangement som dei kan få vera på å arrangera.

LES OGSÅ: Folkehøgskule sluttar å fly – Natur og Ungdom jublar

Samfunnstryggleik

Politi- og vektarlinja på skulen skal førebu elevar som har lyst til å søka om opptak til Politihøgskolen.

– Me vil fokusera på fysiske og psykiske opptakskrav til Politihøgskolen, samtidig som me tilbyr ei nasjonal vektarutdanning, fortel Geir Angeltveit. Politihøgskolen er blant dei vanskelegaste å koma inn på etter rekordhøge søkartal dei siste åra.

– Det er veldig gøy å gå på folkehøgskule, og eg håpar me får elevar frå heile landet til skulen, seier Geir Angeltveit. Sjølv gjekk han på folkehøgskule i Ålesund, og har hatt ein draum dei siste ti åra om å starta folkehøgskule.

LES OGSÅ: Mange vil læra å bli viking på folkehøgskule

Nei, dette er ikkje elevane ved Seljord folkehøgskule: Derimot eit bilete frå serien «Vikings», som har inspirert nokre av elevane til å søke vikinglinja. Foto: History Channel