Ungdommar strøymer til folkehøgskulane
Det blir stadig meir populært å ta eit år på folkehøgskule. Før skulestart i haust har søkartalet til folkehøgskulane i landet sett ny rekord femte år på rad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I mai avslutta over 7.700 elevar folkehøgskuleåret sitt. Det er førebels ny rekord, men søkartalet for neste skuleår, som startar i august, tyder allereie på ny rekord.
Per 1. juli var det ein auke på 3 prosent i talet på elevar som er tatt opp på folkehøgskulane, samanlikna med same periode i fjor.
– Dette er fantastiske tal! Det er ikkje lenger nokon tvil om at det er populært å gå på folkehøgskule. Meir enn nokon gong viser ungdommen at dei har behov for eit pusterom etter vidaregåande skule, før dei går vidare med andre studiar. Utan både karakterar og eksamenar klarer folkehøgskulane å gi elevane lyst og motivasjon til å lære meir, seier Marit Asheim, informasjonsrådgivar for Folkehøgskulane.
- Visste du at nokre folkehøgskular har cosplay-linje? Les om Wonder Woman i Hardanger her.
Gradvis auke
Auken i elevtal til folkehøgskulane har generelt stige sidan 2004. I dag går det 20 prosent fleire elevar på folkehøgskule enn det gjorde for ti år sidan.
Folkehøgskulane har ingen søknadsfrist, men starta opptaket 1. februar. Fram til skulestart er det rullerande opptaket, så lenge det finst ledige plassar ved den enkelte skulen.