Folkehøgskule sluttar å fly – Natur og Ungdom jublar
Frå og med neste år skal ikkje elevane ved Nordfjord Folkehøgskule fly, men heller nytta buss, tog og båt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me har over år trappa ned bruken av fly når dei ulike linene skal ut på lengre turar, og frå og med neste år skal me ikkje bruke fly på utanlandsturar, seier Per Momrak som er leiar ved friluftslina på Nordfjord FHS, til avisa Vårt Land.
Det vil seie at dei som skal til Frankrike må ta tog.
– Før reiste me på skitur til Alpane. No reiser me dit det er mykje snø. Snør det i Røldal, reiser me dit, snør det i Oppdal, reiser me dit, seier Momrak.
Natur og Ungdom rosar tiltaket
Mange folkehøgskular freistar med utanlandsturar til fjerne strøk.
Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom, meiner andre folkehøgskular burde verte inspirerte av og ta etter skulen som ligg på Sandane i Sogn og Fjordane.
– Fleire bør gjere som Nordfjord, for folkehøgskulane i dag brukar altfor mykje fly, seier han.