Folkehøgskuleåret til Hege (21) er blitt amerikansk dokumentarfilm

I dag har filmen premiere på prestisjetunge Sundance Film Festival.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 29.01.2025 16:01

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– Det er ikkje kvar dag du får eit filmcrew frå USA på døra. Det var rart men gøy, seier Hege Birch Wik (21).

I dag har dokumentarfilmen Folktales verdspremiere på den prestisjetunge filmfestivalen Sundance i Salt Lake City i Utah. Dokumentaren følgjer tre elevar ved folkehøgskulen i Pasvik, og Wik er ein av dei.

Sandnes-jenta tenkte eigentleg å studere eigedomsmekling på BI etter vidaregåande, men enda opp med eit år på hundekøyringslina i Finnmark, nær den russiske grensa. Framtida.no pratar med ho dagen før ho set seg på eit fly i retning USA.

Wik synest filmen er vakker, og gler seg til reaksjonane frå andre.

– Eg er veldig spent på kva andre folk som ikkje har noko med skulen å gjere tenker om han. Det er veldig spennande.

På lina blir ein god ven med hundane som brukast. | Foto: Folkehøgskolene

Håpar filmen kan samle folk

I ein e-post til Framtida.no peikar regissør Heidi Ewing på situasjonen i USA, som ho meiner gjer det til eit perfekt tidspunkt å vise fram «denne håpefulle og framtidsretta filmen».

– Gen Z er spesielt interessant for oss, sidan dei går ei usikker verd i møte. Då vi lærte om folkehøgskuletradisjonen, og spesielt norske skular som fokuserer på friluftsliv (og hundekøyring), var vi fascinerte av friårs-konseptet som utfordrar ein person både psykisk og fysisk, skriv Ewing.

Ho meiner filmen har noko universelt ved seg, sidan han handlar om å vekse opp og finne ut av vaksenlivet. Håpet er at filmen, ved å ta opp tema som verkeleg betyr noko, kan gjere det enklare bygge bru mellom folk.

Vakre omgivnader var eit pluss på folkehøgskulen som Hege gjekk på. | Foto: Privat

– Menneska sitt særeigne forhold til hundar er eit evig mysterium og ei kjelde til lykke, så kanskje det kan vere den eine tingen vi alle er einige i!

Fekk ideen frå ein podkast

Nettmagasinet IndieWire skildrar Folktales som ein av filmane ein må få med seg på festivalen. «Herleg og kjensleladd, sensitiv og drøymande, Folktales tek oss inn i hjartet til ei oppleving som er både unik og merkeleg nok universell,» skriv David Ehrich om filmen.

Men korleis endar ein folkehøgskule opp som tema for ein amerikansk filmdokumentar?

Ewing vart først kjent med konseptet gjennom ein podkast om ein amerikansk hundekøyrar som hadde gått på ein liknande skule for mange år sidan.

– Konseptet trigga nysgjerrigheita mi med ein gong, og eg byrja å utforske meir, sa ho til folkehogskole.no i fjor.

Saman med Rachel Grady har ho regissert fleire dokumentarfilmar om barn og unge vaksne, blant anna Emmy-nominerte The Boys of Baraka (2005) og Oscar-nominerte Jesus Camp (2006).

Måtte bygge tillit

Ewing og Grady byrja å researche, og kontakta dei nordlegaste skulane i Noreg. Når valet var tatt gjaldt det å følgje elevane på reisa deira gjennom folkehøgskulen.

Dei følgde Hege Birch Wik frå jentetur på Rhodos til hundesledetur til Karasjok. Ewing meiner det var spesielt viktig at dei kunne kome så nært på elevane som mogleg i denne dokumentaren.

Ho peikar på at elevane tilhøyrer ein generasjon som er veldig vand med smarttelefonar, reality-program og sosiale medium.

– Forholdet deira til kamera er naturlegvis veldig annleis frå tidlegare generasjonar, så på mange måtar var dei meir skeptiske av at andre «kontrollerte» korleis dei framstod. Det kravde mange samtaler og tid for å bygge tillit med elevane.

Det meiner regissøren har ført til ein film som er både intim og autentisk.

Hege Birch Wik synest at det var veldig fint å jobbe med heile teamet, og har prata jamleg med begge regissørane sidan ho vart ferdig på folkehøgskulen.

– Både regissørane, fotografane og lydmennene er venane mine no. Så det blir jo gøy å reise til USA og møte dei. Det er noko av det eg gler meg mest til.

Fann noko ho elskar

– Kva trur du er interessant med folkehøgskuleopplevinga for eit internasjonalt publikum?

– Eg trur at i dagens samfunn, der det er ei forventing om å gå på skule, få utdanning og få jobb, så er eit år der du kan gjere kva enn du vil, fascinerande, seier Wik.

Hege Birch Wik med ei veninne på folkehøgskulen. | Foto: Privat

Ho trur konseptet er veldig interessant for amerikanarar.

– Kanskje det er noko fleire amerikanarar kjem til å søke seg til, enten dei tek det inn i sitt eige skulesystem eller dei byrjar å reise til Skandinavia.

Ewing er einig og fortel at dette er noko amerikanarar diggar når dei først høyrer om det. Ho kunne sjølv tenkt seg å ha gjort noko liknande då ho var ferdig med high school.

– Kven vil vel ikkje bruke eit år på å bli betre kjent med seg sjølv? For eit flott konsept.

For Wik gav året på folkehøgskule eit klarare bilete av kva ho ville. No arbeider ho som guide i eit selskap som tilbyr hundesledeturar i Karasjok. Ho veit ikkje om det er det ho skal drive med i all æve, men det blir ei stund før ho legg det på hylla.

– Kor lenge er litt usikkert enno. Men, eg elskar det jo.