Issmelting på Grønland fører til høgaste havnivåstigning på 12.000 år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studien som er publisert i tidsskriftet Nature, er den første som på svært grundig vis har rekonstruert tap av is på Grønland gjennom heile holocen-epoken, den geologiske epoken som for 12.000 år sidan opna for at menneskja kunne blomstre.

Ifølgje studien som er basert på data frå kjerneboring i den fleire kilometer tjukke isen og modellar, vil 36.000 milliardar tonn is smelte dei neste ti åra om den globale oppvarminga held fram som no. Det er nok til å heve havnivået med 10 centimeter.

Fram til slutten av 1990-talet var grønlandsisen stort sett i balanse ved at den voks like mykje ved snø om vinteren som den tapte i smelting og isbrear som kalvar.

Balansen forstyrra

Men eskalerande klimaendringar har forstyrra denne balansen, og nettotapet renn ut i Nord-Atlanteren.

Grønlandsisen inneheld nok frose vatn til at havnivået ville stige med sju meter om alt smelta. Men om vippepunktet blir passert, og smeltinga ikkje lenger kan stansast, vil det truleg likevel ta fleire tusen år før all isen smeltar.

Eit slikt vippepunkt kan komme allereie ved ei temperaturstigning på 2 grader over nivået frå før industrialiseringa, seier forskarane.

Smeltevatn samlar seg i store dammar på isen og ut fra desse oppstår elver av smeltevatn. Foto: NASA

Katastrofe for kystsamfunn

Men sjølv på kort sikt vil ei stigning i havnivået på berre nokre titals centimeter vere katastrofal for mange kystsamfunn rundt om på kloden.

Område med til saman 300 millionar menneske, dei fleste i fattige område i verda, vil allereie i 2050 vere sterkt utsette for jamlege flaumar som følgje av stormflod, viser tidlegare forsking.

I fjor tapte Grønland 500 millionar tonn is og smeltevatn, noko som bidrog til 40 prosent av havstigninga i 2019, det meste på eitt enkelt år sidan satellittregistrering starta i 1978.

Det nye normale

Om ikkje verda kuttar dramatisk ned på co₂-utsleppa frå brenning av fossile brennstoff, vil eit slikt nivå på havstigninga bli det nye normale, seier professor i geologi Jason Briner ved University of Buffalo i New York, som er hovudforfattar av den nye studien.

– Uansett kor høge framtidige co₂-utslepp blir, vil grønlandsisen tape meir is i dette hundreåret enn i noko anna hundreår, sjølv i den varmaste perioden dei siste 12.000 år, seier Briner.

– Men studien gir meg òg håp i og med at menneskja har moglegheit til å bestemme framtida til issmeltinga og havnivåstigninga, understrekar han.

Den første kontinuerlege registreringa av grønlandsisen tok fem år å lage, basert på nært samarbeid mellom forskarar som bora i isen, forskarar som laga modellar, ekspertar på fjernanalyse og paleoklimatologar.

Tidslinja på 12.000 år gjer det lettare å skilje naturlege svingingar i balansen til innlandsisen frå påverknaden frå menneskeskapte klimaendringar.

Frå venstre: Pappa Lars, Runa, Ida, Narve, Guro og mamma Inger. Foto: Lars Krempig

2 centimeter høgare havnivå

Dersom det går å avgrense den globale oppvarminga til under 2 grader, hovudmålsetjinga for Parisavtalen i 2015, burde det avgrense Grønlands bidrag til havnivåstigninga i dette hundreåret til rundt 2 centimeter, ifølgje studien.

Men uansett, i alle scenario, vil havnivået halde fram med å stige i det 22. hundreåret og vidare framover.

– Det er ingen tvil om at vi vil sjå ei merkbar havnivåstigning i dette hundreåret. Men utan ei kurskorrigering no, kan stigninga i neste hundreår endre livet til dei fleste i verda, seier han.

Også Antarktis smeltar

Fram til 2000 var den viktigaste årsaka til havnivåstigning smeltande isbrear og utvidinga av vatnet i havet etter kvart som det vart varmare.

Men i dei to siste tiåra er innlandsisen på Grønland og i Antarktis vorte den klart viktigaste kjelda til stigning av havnivået.

Når alle kjelder i tillegg til grønlandsisen blir tekne i betraktning, har FNs klimapanel IPCC berekna at havnivåstigninga blir på litt under ein meter ved slutten av dette hundreåret.


Forskar Kristian Breili og matematikar Oda Roaldsdotter Ravndal frå Kartverket har vore med å utvikla ei ny teneste frå Kartverket som lar deg sjå konsekvensane av auka havnivå. Her er i Bergen kan over 2700 bygningar bli overflødde med 20-årsstormflo i 2090. Foto: Synne Storvik, Kartverket