Klimaforskarar: Grønland har passert «point of no return»

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten 40 år med satellittmålingar er undersøkte i ein ny studie. Målingane viser at smeltinga på den største øya i verda byrja å skyte fart rundt tusenårsskiftet.

Snøen som kvart år fell over Grønland, kan ikkje lenger kompensere for isen som forsvinn ut i havet.

– Innlandsisen er no i ein ny dynamisk tilstand. Sjølv om vi hadde gått tilbake til klimaet vi hadde for 20 eller 30 år sidan, ville vi likevel ha mista masse ganske raskt, seier professor Ian Howat til CNN.

Enorme mengder

Howat og fleire av dei andre forskarane bak studien jobbar ved Ohio State University i USA. Universitetet skriv i ei pressemelding at Grønlandsisen har passert eit «point of no return».

Sjølv om den globale oppvarminga på mirakuløst vis skulle stoppe heilt opp, vil smeltinga på Grønland halde fram.

På 1980- og 1990-talet forsvann 450 milliardar tonn is på Grønland kvart år. Men dette vart kompensert av snøen som fall over øya, som i areal er omtrent fire gonger så stor som Frankrike.

Sidan den gong har temperaturen stige, og no forsvinn omtrent 500 milliardar tonn is kvart år.

– Kan stabilisere seg igjen

Isen på Grønland er fleire kilometer djup, og somme stader er det over tre kilometer frå overflata og ned til bakken.

Viss alt saman smeltar, vil verdshava stige minst seks meter. Det vil ta omtrent tusen år, men lenge før den tid vil store kystområde forsvinne i havet.

Men sjølv om issmeltinga har skote fart, er ikkje alle forskarar like overtydde om at smeltinga vil halde fram heilt til alt er borte.

Ruth Mottram ved Danmarks Meteorologiske Institut trur innlandsisen kan stabilisere seg ein gong i framtida når han er vesentleg mindre enn i dag. Når isbreane ikkje lenger når ut til havet, vil dei truleg ikkje minke like fort.

Innlandsis kollapsa

Issmeltinga på Grønland er éin av fleire årsaker til at havnivået stig etter kvart som kloden blir varma opp.

I tillegg smeltar isen i delar av Antarktis, og havvatnet utvidar seg når det blir varmare.

Tidlegare i sommar kollapsa store delar av den siste intakte innlandsisen i Canada. Eit isflak like stort som Manhattan brekte laus frå Milne Ice Shelf på Ellesmereøya.

Temperaturen i området har dei siste månadene lege ni grader høgare enn det som var vanleg for eit par tiår sidan.

– Dette dreier seg utan tvil om klimaendringar, sa professor og isbreforskar Luke Copland ved University of Ottawa.

Sårbare kystområde

Kor mykje havet vil stige fram til 2100–80 år fram i tid–er uvisst. Overslaga varierer mellom nokre titals centimeter og 2 meter. Kva «fasiten» blir, kjem naturleg nok an på omfanget av klimaendringane.

Kystområde mange stader i verda kan likevel få massive problem viss stigninga blir rundt 1 meter.

– Ei rekkje stader, som i Florida, vil 1 meter dekkje mange eksisterande landområde, seier forskar Michalea King, som har leidd arbeidet med den nye studien om Grønlandsisen.

Overfor CNN minner ho om at havet stig endå meir under stormar og orkanar.

To gode turkameratar frå Sogndal bestemte seg for å realisera draum nummer ein, å kryssa Grønland på tvers med ski og pulk. Plassen som er den kaldaste på jorda nest etter Antarktisk er nok ikkje tur mål når folk flest planlegg ferien sin, men det var denne utfordringa som låg og lokka på Olav Farestveit (37) og Sølve Skartun (46). I fjor vart draumen realitet, men utfordringane vart annleis enn dei hadde venta seg. Foto: Pixabay/CC/Ritter