– Vil redde Spania frå fascisme med katalansk sjølvstende

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi gjer dette for resten av landet òg – for Spania, kort sagt, hevdar Gabriel Rufián til Politico.

Rufián er leiar for det republikanske venstrepartiet ERC i det spanske parlamentet, men partiet er òg med i koalisjonen som støttar regjeringa i det regionale katalanske parlamentet. Dei har lyst ut folkerøysting om eit sjølvtendig Catalonia 1. oktober, og kjempar for eit ja.

Rufián meiner sjølvstenderørsla ikkje er nasjonalistisk, i alle fall ikkje slik tradisjonell nasjonalisme har stått fram. Han meiner sjølvstende for Catalonia er ein måte å fjerne restane av den fascistiske fortida, å verne sosiale rettar for dei svakaste og til og med hjelpe å få til positive reformar i heile Spania på.

– Francoismen døydde ikkje på ei seng i Madrid 20. november 1975; han vil døy i eit stemmeavlukke i Catalonia 1. oktober 2017, sa han på Twitter 17.september.

Bilete frå gårsdagens demonstrasjon i Barcelona (artikkelen held fram):

BAKGRUNN: Dramatisk før folkerøystinga om sjølvstende i Catalonia

Arresterte 14

– Den spanske regjeringa har kryssa den raude lina som skil henne frå autoritære regime, seier den katalanske statsministeren Carles Puigdemont. Han hevdar at dei siste arrestasjonane i Barcelona representerer slutten på sjølvstyret i Katalonia og i praksis unntakstilstand.

Onsdag morgon rykte det nasjonale spanske politiet ut til 41 stadar, inkludert setet til den katalanske regjeringa. Dei arresterte 14 og inndrog 9 millionar stemmesedlar i samband med folkeavstemninga 1. oktober som regjeringa i Spania og den spanske konstitusjonelle domstolen meiner er ulovleg. Den spanske regjeringa seier alle som jobbar med å arrangere folkeavstemninga er kriminelle og må rekne med å bli straffa for det.

Den styrande koalisjonen Puigdemont leiar i regionsparlamentet i Catalonia har 48% av stemmene og har berre eit svakt fleirtal der, men insisterer på at dei er nøydde til å halde folkeavstemninga og ikkje kjem til å gje etter for krava frå den spanske regjeringa.

Bilete frå gårsdagens demonstrasjon i Barcelona (artikkelen held fram):

LES OGSÅ: – Visste ikkje at eg var spansk før eg var ni

Eit kupp

Josep Borrell, tidlegare sosialistisk president for Europaparlamentet,
hevda at den katalanske regjeringa leier eit neo-totalitært regime som har kuppa Catalonia og vunne den internasjonale opinionen ettersom motstandarane av sjølvstende er splitta og seier lite offentleg.

Mariano Rajoy-regjeringa meiner det er separatistane i Catalonia som er fascistiske ettersom dei ikkje let motstandarane til sjølvstende kome til orde.

Ein kommentator meinte Rufián såg ut som ein ISIS-ekstremist (spansk lenke) som var klar til å utløyse ei sjølvmordsbombe når som helst.

Kort video som enkelt forklarar situasjonen i Catalonia (Catalan News):

Kjelder: Wikipedia, Politico, El Pais, Catalan News