Ny regjering i Spania: Spesielt éin minister skapar misnøye i Catalonia

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 09.06.2018 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny regjering i Spania: Spesielt éin minister skapar misnøye i Catalonia

– I går skreiv eg at den nye regjeringa var ein ny sjanse for forhandlingar. Nå har eg endra meining, fortel Vicent Partal, journalist i den katalanske avisa VilaWeb.

– Det er ikkje lett å vera journalist og dekka Spania, flirer Partal under eit seminar om Catalonia ved UiO.

Nye korrupsjonsavsløringar mot regjeringspartiet Partido Popular (PP) førte laurdag til at eit mistillitsvotum mot regjeringa fekk fleirtal, og statsminister Mariano Rajoy blei erstatta av Pedro Sánchez frå sosialdemokratiske PSOE.

Samstundes tok Quim Torra, ein nær alliert av Charles Puigdemont, over den nye regjeringa i Catalonia. Det markerte slutten på nær åtte månadar direktestyre frå sentralregjeringa i Madrid.

Nå er spørsmålet korleis dette vil påverka den fastlåste situasjonen i Catalonia.

Kontroversielt val av utanriksminister

Utnemninga av Josep Borrell som utanriksminister tyder på at den nye regjeringa held fram med ei fast linje. Borrell, sjølv frå Catalonia, er uttalt motstandar av sjølvstende.

Den nye utanriksministeren har lang fartstid i politikken. Han har både vore minister i tidlegare regjeringar, og president for Europaparlamentet.

I debatten om Catalonia, har Borrell tatt til orde for å «desinfisere» regionen for tilhengarar av sjølvstende. Det har bidratt til at utanriksministeren er blitt svært kontroversiell.

Josep Borrell er ny utanriksminister i Spania. Foto: Europaparlamentet

Nyleg uttalte han at Catalonias nye president er xenofob og innstilt på å skapa sivil uro. Ved å eskalera konflikten vil han tvinga fram internasjonal invervensjon og sjølvstende for Catalonia, sa Borrell til The Times.

Ved innsettinga advarte sjølvstendepartia i parlamentet om at det i Catalonia nå finst mykje smerte, mykje indignasjon.

Regjeringa lyt visa varsemd i korleis dei uttaler seg og kva ein gjer framover, var bodskapet.

Noko må skje før jul

– Signala frå regjeringa tilseier at lite vil forandra seg. Men folket er sinte. Dei krev noko handfast på bordet. Viss det ikkje kjem nye signal innan november eller desember, vil det igjen bli svært høg spenning, seier Partal.

Stoda er likevel ikkje heilsvart.

Det var konservative PP, nå tilbake i opposisjon, som hindra ein avtale om meir sjølvstende for Catalonia i utgangspunktet. Avtalen var forhandla fram av sosialistregjeringa, men blei stogga i Høgsterett etter at PP klaga avtalen inn.

– Det er for det første PP som er ansvarlege for sjølvstenderørsla, har tidlegare president i Catalonia Charles Puigdemont uttalt.

Sánchez skil seg frå tidlegare statsminister Mariano Rajoy på nesten alle punkt – sett vekk frå at begge er imot sjølvstende for Catalonia.

Frustrasjon over økonomisk utjamning

Catalonia, inkludert det økonomiske lokomotivet Barcelona, har lenge betalt inn mykje meir til sentralregjeringa enn dei får tilbake. Forklaringa frå Madrid er økonomisk utjamning – fattigare regionar får meir enn dei betalar inn, medan det er motsett for Catalonia.

Sánchez har tidlegare opna for å gå i forhandlingar om å redusera denne ulikskapen. Partiet hans PSOE har rett nok maktbasisen sin i Andalucia – ein av dei fattigaste regionane i landet.

Ikkje minst har Sánchez opna for å gi regionane fleire rettar.

Enkelte tolkar også utnemninga av Meritxell Batet som eit teikn på at sosialistregjeringa er opne for samtalar likevel. Batet er også motstandar av sjølvstende, men er ikkje på langt nær like dogmatisk som Borrell.

Ho er ein kandidat sjølvstendetilhengarane kan leva med, og blir ansvarleg for regjeringa sin politikk andsynes regionane – blant dei Catalonia.

Ingen europeisk regjering har fleire kvinner

Ved å fylla kabinettet med så ulike kandidatar som Borrell og Batet, freistar statsminister Sánchez truleg å blidgjera både tilhengarar og motstandarar av sjølvstende.

Det svært EU-vennlege kabinettet består totalt av elleve kvinner og sju menn, og har med det høgast prosent kvinner i Europa. Blant dei er ny minister for vitskap, innovasjon og universitet Pedro Duque. Han er astronaut av yrke.

For to år sidan la satirenettstaden «El Mundo Today» ut ei sak om at astronauten Duque var favoritt til å bli ny utanriksminister. Bakgrunn for utnemninga var at ingen hadde vore meir på framande trakter enn Duque, ifølgje den satiriske avisa.

Krevande tilhøve i parlamentet

Nå er spådommen altså blitt røyndom, og tweeten til Duque frå 2016 har fått ny relevans. Der gir han ironisk uttrykk for stor overrasking over å bli nemnd som utanriksminister i ei så prestisjetung avis som El Mundo Today.

I anledning den ekte utnemninga av Duque til minister, skriv avisa at opposisjonspartiet PP applauderer nominasjonen, og ser fram til at statsminister Pedro Sánchez snarleg tar turen til verdsrommet.

Med berre 84 av 350 seter i parlamentet, er Sánchez heilt avhengig av katalanske representantar og ei rekke små fraksjonar for å finna fleirtal. Dersom den nyvalde statsministeren får gjort store ting under slike tilhøve vil det vera svært overraskande.