Amerikanske bibliotek: – Ikkje putt bøker i mikrobølgeomnen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Biblioteka byrja å høyre om det for rundt ei veke sidan, då bøker som vart returnerte hadde brannskadar, seier direktør for Pinellas Public Library Cooperative, Cheryl Morales, til avisa Tampa Bay Times.

Ho fortel at låntakarane forklarte brannskadane på bøkene med at dei hadde putta dei i mikrobølgeomnen, noko dei håpa ville fjerna eventuell koronasmitte frå førre lesar.

Bøkene er ofte merka med metall, slik at dei kan eksplodera om dei vert putta i mikrobølgjeomnen, noko som har skjedd.

Biblioteka tek pandemien på alvor og Temple Terrace Public Library legg bøkene i karantene i 72 timar for å førebyggje smitte. Dei har lagt ut eit Facebook-innlegg med ei brent bok til skrekk og åtvaring:

USA har hatt ein eksplosiv vekst i smittetilfelle. Ifølgje The New York Times er over 3 millionar amerikanarar smitta og minst 131.200 er døde.

– Eg trur folk er veldig stressa og ikkje alltid veit kva dei skal gjera, seier sjef for Kent District Library, Elizabeth Guarino-Kozlowicz, til same avis.

Dette er ikkje det einaste dømet på uheldig Covid-19-behandling i landet. President Donald Trump vakte sterke reaksjonar då han føreslo å injisera middel til desinfisering i kroppen som ei behandling mot korona.

Ifølgje ei spørjeundersøking hadde ein tredel av amerikanarar gjort helseskadelege tiltak mot korona. Dette inkluderte både bruk av bleikemiddel i mat, vaska huden med reinhaldsprodukt og i enkelte tilfelle drikka slike middel.

Fleire bibliotek har gått ut for å åtvara mot å putta bøker i mikrobølgjeomn.

Leiar i Norsk Bibliotekforening, Vidar Lund, rår folk til å bruka biblioteka, så lenge dei er friske. Foto: Norsk Bibliotekforening

Ikkje opplevd det same i Noreg

Leiar i Norsk Bibliotekforening, Vidar Lund, har ikkje høyrt om liknande tilfelle i Noreg, men fortel at nokre bibliotek spritar omslaga.

Dei oppmodar alle bibliotekbrukarar til å følgje reglane biblioteka har fastsett under koronaen.

– Kommunelegen har vore involvert og gått god for ordninga lokalt. Men: ikkje gå på biblioteket om du er sjuk, hald avstand, ha reine hender! Og er du i ei av risikogruppene – ikkje oppsøk offentlege plassar meir enn naudsynt. Prøv heller ut dei digitale tenestene med både e-bøker, e-lydbøker og film rett til mobilen/nettbrettet! skriv Lund i ein e-post til Framtida.no.