Ingen auke i psykiske plager blant unge
For første gong på mange år viser den årlege Ungdataundersøkinga til Oslomet ingen auke i talet på unge som melder om psykiske plager.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter ein lengre periode der stadig fleire ungdommar har rapportert om sviktande psykisk helse, ser det ut til at utviklinga no flatar ut.
85 prosent er tilfredse med livet
Fleirtalet av ungdommane i Oslomet-undersøkinga melder om god fysisk og psykisk helse. 85 prosent er tilfredse med livet, og 80 prosent meiner at dei har alt dei ønskjer seg.
– Sjølv om tala framleis er for høge, er det positivt at norsk ungdom ikkje endå ein gong rapporterer om ytterlegare auke i psykiske helseplager, seier Anders Bakken, som er leiar av Ungdatasenteret ved Nova på Oslomet.
- Les også vinnaren i Framtida.no sin skrivekonurranse: «Kjære ordførar! Hjelp generasjon prestasjon no!»
Tal frå før pandemien
Ifølgje Nova viser forskinga at pandemien har påverka mange ungdommar. Alle målingane i rapporten er gjorde før pandemien slo til med full kraft.
Av rapporten går det elles fram at mobbetala er stabile, at ungdomskriminaliteten flatar ut, og dessutan at færre trivst på skulen. Samtidig ser forskarane med uro på særleg éin trend:
– Det er for mange ungdommar som opplever seksuell trakassering, seier Bakke, som også opplyser om at dette er ei utvikling forskarane ønskjer å følgje nærare dei neste åra.