Studentane fekk ein tøff koronavår
Rapportar om korleis det gjekk med koronastudentane i vår, tikkar inn. Blant fagskulestudentane svarer kvar fjerde at det var vanskeleg å halde fram utdanninga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Så mange som tre av fire campusstudentar meiner dei fekk lågare læringsutbytte enn dei ville fått i ein normalsituasjon.
7.000 av dei 17.000 fagstudentane i landet i landet har svart på den nasjonale undersøkinga som vart gjennomført i vår av NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga. Til saman har vi 67 fagskular.
– Det er urovekkjande at så mange campusstudentar svarer at dei ikkje lærte det dei skulle, seier direktør Kristin Vinje i NOKUT, som understrekar at dei fleste er fornøgde med korleis krisa vart løyst av fagskulen.
Ho legg til at ho er imponert over å sjå så mange fagskulestudentar som kom seg gjennom, med tanke på den spesielle våren og at mange har familie og jobb ved sida av studiane.
Dårlegare for nesten alle
Regjeringas strenge smittetiltak ramma nærare 300.000 studentar då fagskular, universitet og høgskular vart stengde 12. mars. Studentane vart sende heim eller til hyblar for å studere. Mange åleine.
Blant studentar i høgare utdanning meiner ein stor del at dei hadde dårlegare læringsutbytte som følgje av korona.
I ei undersøking gjort ved Universitetet i Agder svarte 91 prosent at dei hadde eit dårlegare læringsutbytte.
– Denne undersøkinga var i mai. Vi håpar jo at vi no har andre føresetnader for å møte studentane på ein betre måte om vi skulle måtte stengje ned igjen, seier Inger Marie Dalehefte, førsteamanuensis og instituttleiar for pedagogikk ved Universitetet i Agder (UiA).
Nytt semester
Haustsemesteret er godt i gang på alle universiteta og høgskulane. Under faddervekene vart det gjort forsøk på å gjere starten så normal som mogleg for alle nye studentar.
– Det første møtet med studielivet er viktig. Ja, for mange ganske avgjerande. Mange har flytta heimanfrå for aller første gong og gjerne til ein by dei ikkje kjenner så godt, sa forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i august.
Torsdag morgon, under arrangementet til NOKUT, får han resultatet av Studiebarometeret for fagskulestudentar 2020 som handlar om korleis det gjekk denne våren.
Sakna det sosiale
Samtidig publiserer Det utdanningsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo fleire undersøkingar gjort av ei gruppe forskarar på seminaret «Koronagenerasjonen».
Erfaringa så langt viser at digital undervisning åleine gjer det vanskelegare å identifisere utfordringar blant studentane. Undervisarane må vere meir kopla på og fange opp kva som rører seg blant studentane.
– Vi må leggje til rette for at studentane får ei god tilknyting til lærestaden som gjer at dei føler tilhøyrsel. Vi såg i undersøkinga at studentar særleg òg sakna den sosiale og faglege utvekslinga med andre studentar. Derfor må vi tenkje nye samarbeidsformer som tek vare på dette, seier Dalehefte.
Ho understrekar at det er viktig at studentane gjer studiestadene merksam på problem.