Engelsk dominerer det norske barn og unge ser på YouTube, dataspel og i filmar
Språkrådet føreslår ei prøveordning med støtte til norsk innhald på YouTube.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Når du spelar skal det vere rask, kort og presist. Eit ord som «anti-aliasing», kva søren er det på norsk? Du kjenner igjen dei orda, då seier du dei heller på engelsk.
Det forklarar ein av 18-åringane som Språkrådet har intervjua i samband med den siste Barn og medier-undersøkinga til Medietilsynet.
I årets Barn og medier-undersøking har nemleg barn og unge for første gong fått spørsmål om kva språk dei brukar mest når dei ser TV-seriar og filmar, spelar dataspel og ser videoar på YouTube.
Tala syner at engelsk dominerer.
For seks av ti norske 9-18-åringar går det mest i engelsk på underhaldningsfronten, medan norsk dominerer for fleirtalet når det kjem til nyheiter.
Medietilsynet-direktør Mari Velsand seier i ei pressemelding at endå det er positivt at norske barn vert betre i engelsk, så lyt dei også ha tilgang på medieinnhald på norsk:
– Det er viktig både for å utvikle språket og ta vare på identiteten.
Undersøkinga syner også at prosentdelen som brukar norsk vert mindre di eldre ein er.
I aldersgruppa 17-18 år er det berre seks prosent som brukar mest norsk på YouTube, fire prosent brukar mest norsk i tv-seriar og film og 11 prosent når det kjem til dataspel.
Sjå også Språkrevyen med Stella og Vanessa, som tek føre seg undersøkinga:
- Les også om Ole Kristian (32), som skriv nynorsk slik som Aasen gjorde det:
– Godt for auga å lese
Etterlyser norske alternativ
Språkrådet har utvikla språkspørsmåla i samarbeid med Medietilsynet, og til NRK uttrykker språkdirektør Åse Wetås uro over tala.
– Det er dramatisk at det er så lite norsk i digitale flater, spesielt når vi veit at barn og unge brukar mykje tid der, seier Wetås til NRK.
I ei pressemelding peikar Språkrådet på at YouTube vert nytta av ni av ti barn og unge i landet, og etterspør ei prøveordning som skal bøte på engelskdominansen.
I ein kronikk publisert hjå Medietilsynet utdjupar språkdirektøren, og skriv at det er vanskeleg for norske produsentar å slå frå seg, når dei konkurrerer med store utanlandske aktørar med svulmande finansielle musklar.
– Vi ynskjer oss ei prøveordning med støtte til kvalitetsinnhald på norsk på YouTube, fordi det kan gjere at barn og unge møter sitt eige språk også på den plattforma, seier Wetås i pressmeldinga.
Om ikkje norsk er eit reelt alternativ på fleire område, kan norsk verte eit fattigare språk, åtvarar språkdirektøren.
- Les også meiningsinnlegget frå Erlend Skjetne, som tek til orde for å droppe engelsk til fordel for dei lite brukte norske orda: – Det aller dummaste er kanskje ordet ueffen
Dette er språka som vert mest nytta av 9-18-åringar:
YouTube | 64 prosent seier engelsk vert brukt mest, 14 prosent seier norsk vert brukt mest, og 15 prosent seier det vert brukt omtrent like mykje norsk som engelsk. |
Dataspel | 63 prosent seier engelsk vert brukt mest, 17 prosent seier norsk vert brukt mest, og 14 prosent seier det vert brukt omtrent like mykje norsk som engelsk. |
Film, seriar og tv | 62 prosent seier engelsk vert brukt mest, 16 prosent seier norsk vert brukt mest, og 16 prosent seier det vert brukt omtrent like mykje norsk som engelsk. |
Sosiale medium | 32 prosent seier engelsk vert brukt mest, 44 prosent seier norsk vert brukt mest, og 19 prosent seier det vert brukt omtrent like mykje norsk som engelsk. |
Nyheiter | 14 prosent seier engelsk vert brukt mest, 68 prosent seier norsk vert brukt mest, og 12 prosent seier det vert brukt omtrent like mykje norsk som engelsk. |