Ni tv-seriar og filmar om amerikansk politikk du bør sjå

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 22.09.2020 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Julia Louis-Dreyfus i rolla som Selina Meyer i HBO-serien Veep. Foto: Justin M. Lubin/HBO

Veep – HBO

Sidan 2012 har visepresident Selina Meyer og staben hennar kjempa for fotfeste i Det kvite huset. Målet er sjølvsagt å bli president, sjølv om ein må svelgje nokre kamelar på vegen. Lenge verka det absurde rollegalleriet av kyniske politikarar som ein parodi på livet i Washington D.C, men etterkvart verkar det som fiksjon og verkelegheit kjem nærare og nærare.

Dette er for deg som vil le, framfor å grine av, amerikansk politikk.

Tilgjengeleg på: HBO
Sesongar: 7
Episodar: 7-10
Speletid: 25 min

Demokratane Paula Jean Swearengin (t.v) og Alexandria Ocasio- Cortez er blant kvinnene som figurerer i Netflix-dokumentaren Kampen for kongressen. Foto: Netflix

Kampen om Kongressen – Netflix

Knock Down the House, som er den engelske tittelen, handlar om korleis eit knippe amerikanske kvinner kjempar seg framover i amerikansk politikk med hjelp av grasrotengasjement. Alexandria Ocasio-Cortez er sjølvsagt stjerna i filmen, men også Paula Jean Swearengin er verd å merka seg.

Swearengin er frå gruvestaten Vest-Virginia og kjem frå ein familie av gruvearbeidarar. Ho er ein slags nymotens Erin Brockovich, som kjempar illsint mot miljøgifter og utslepp som skadar

Tilgjengeleg på: Netflix
Speletid: 1t og 27 min

Hillary – Hulu (NRK)

I denne dokumentarserien reflekterer Hillary Rodham Clinton over kvifor ho er ein så splittande person, forholdet til Bill og korleis ho har funne sin plass ved sida av han.

Serien er nydeleg produsert med ein fest av arkivmateriale. Eit tidleg høgdepunkt er korleis Hillary Rodham under sin «graduation»-tale kasta manuset sitt, då ein republikansk senator heldt ein tale som jentene på det reine jente-colleget oppfatta som nedlatande. Talen vart plukka opp av media og Hillary vart hylla som ein av tre avgangselevar som snakka for sin generasjon.

Tilgjengeleg på: NRK
Sesongar: 1
Episodar: 4
Speletid: 1 t

Foto CNN

Kampen om Det hvite hus – CNN (Netflix)

Det vart litt kvinnetungt i toppen, men i denne serien er det berre menn det handlar om. Her får du historia om seks ulike valkampthrillerar i amerikansk historie. Det strekk seg heilt frå 1828 då Andrew Jackson slo sitjande president John Quincy Adams, via Abraham Lincoln sin siger over Stephen Douglas i 1860, Harry Truman vs Thomas Dewey i 1948, John F. Kennedy vs Richard Nixon i 1960.

Ikkje minst er det to valkampar med George H. W. Bush, den første mot Michael Dukakis i 1988 og den andre då han måtte sjå seg slått av Bill Clinton i 1992.

Serien gjev gode innblikk i samfunnet og tida, samt kva som var dei utslagsgjevande faktorane som tippa vektskåla eine eller andre vegen.

(Kommentatorsporet til Kevin Spacey, som spelte rolla som Frank Underwood før han vart skulda for å forgripe seg på mindreårige, får me heller berre leve med.)

Tilgjengeleg på: Netflix
Sesongar: 1
Episodar: 6

Speletid: 41 min

Foto: NBC

Parks and Recreation – NBC (Viaplay)

Politikk er mykje meir enn det kvite huset og lokalpolitikar Leslie Knope (Amy Poehler) tek det på største alvor å påverke småbyen Pawnee til det betre.

Serien byr på mykje humor og eit imponerande knippe politikarar i rolla som seg sjølv. Donald Trump har figurert i Hjemme Alene 2, medan både avdøde John McCain og demokratane sin presidentkandidat Joe Biden har hatt små roller som seg sjølv i denne perla av ein serie.

Tilgjengeleg på: Viaplay
Sesongar: 7
Episodar: 6-24
Speletid: 20 min

Media professor David Carroll er ein av protagonistane som kjemper mot  The Great Hack (2019) – pictured: Foto: Netflix

The Great Hack – Netflix

Filmen handlar om korleis informasjon vert innhenta om oss alle og korleis denne vert misbrukt til politisk vinning. Det handlar om Cambridge Analytica-skandalen der Facebook selde informasjon, som vart brukt av både Trump og Brexit-kampanjane.

Ver budd på å bli skremt.

Tilgjengeleg på: Netflix
Speletid: 1t og 54 min

Skodespelarane Rob Lowe (t.v), Allison Janney og Martin Sheen var populære tv-figurar i serien «The West Wing», som fekk den norske tittelen «Presidenten». FOTO: WARNER BROS. TELEVISION

The West Wing (Presidenten) 

Denne klassikaren må med på lista. Frå 1999 til 2006 var den fiktive demokraten Josiah Bartlet (Martin Sheen) presidenten, som heile verda følgde med på.

Tv-serien har vunne rekordmange Emmy-prisar (27 stykk) og vert snart å sjå saman igjen. Nyleg melde nemleg CNN at både skaparane og skodespelarane skulle samlast for ein reunionsepisode. Planen er at skodespelarane skal setje opp ein teaterversjon av episoden «Hartsfield’s Landing» frå tredje sesong, som skal sendast på HBO Max. Inntektene skal gå til Michelle Obama sin organisasjon When We All Vote.

Tilgjengeleg på: C More (og spesialepisode på HBO)
Sesongar: 7
Episodar: 22
Speletid: 44 min

Skjermdump: Netflix

Trump: Den amerikanske drømmen – Netflix

Mykje er sagt, skrive og vist om Donald Trump, men me blir likevel aldri lei av å høyra om korleis det heile byrja. Her er mange gode kjelder som kastar lys over både dei gode og dårlege sidene av mannen som på utruleg vis vart USA sin president.

Her er mykje og læra, og mykje å undra seg over.

Tilgjengeleg på: Netflix
Sesongar: 1
Episodar: 4
Speletid: 48-66 min

Roger Stone poserer med ei Trump-t-skjorte i eit stillbilete frå dokumentaren. Foto: Netflix

Get me Roger Stone – Netflix

Når du har blitt godt kjend med Donald Trump kan du bryna deg på dette elleville portrettet av den berykta Roger Stone, som er kjend som ein av dei sleskaste i bakgrunnen av amerikansk politikk.

Også her er det den tidlege karrieren som politisk wonderboy som er mest interessant. Stone er ihuga Nixon-tilhengjar og kan skryte på seg (og det gjer han) å vere involvert i Watergate-skandalen, som gjorde at Nixon måtte gå av.

Tilgjengeleg på: Netflix
Speletid: 1 t og 41 min


Treng du fleire serietips? Dette er dei kulaste tenåringsseriane på Netflix!