«Det er openbert at dagens lovgjeving ikkje fungerer – samtykkelov no»

Alberte T. Bekkhus
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I Innafor-episoden «Sex eller overgrep?» fortel Elsa Faleide om si erfaring med valdtekt, og ei lovgjeving som gjorde at politimeldinga hennar vart lagt vekk. Faleide er dessverre ikkje åleine om den erfaringa. 

Det er anslått at berre 1/10 av kvinner melder valdtekta.

I 2016 var det 1504 valdtekter som vart melde til politiet. Av desse vart 1028 etterforska. Av desse vart heile 792 saker lagt vekk. Berre 195 saker nådde retten, og av desse enda berre 78 med ein dom. Vi veit at så mykje som 80 prosent av valdtektssaker vert lagde vekk, og trass i svakheiter ved statistikken, målar tala eit dystert bilete.

Kvifor er det slik?

Ifølgje dagens lovgjeving vert det berre definert som ei valdtekt dersom det har vore vald, medvitsløyse eller trugslar inne i bilete. Det betyr at ein aktivt må kjempe imot eller seie tydeleg nei, og sjølv då er det ikkje alltid det «kvalifiserer».

Tala målar eit dystert bilete

Når ein snakkar om valdtekt, snakkar ein om fråvær av samtykke – nei tyder nei, og berre ja tyder ja. Det vert ikkje reflektert i dagens lovgjeving.

Dagens lovgjeving tek ikkje høgde for at 70 prosent av menneske frys til under valdtekt. Då kan ein ikkje gjere motstand. Då kan heller ikkje valdtekta politimeldast – fordi dagens valdtektslovgjeving ikkje legg samtykke til grunn.

Istanbulkonvensjonen legg oppriktig samtykke til grunn for definisjonen av lovleg og ulovleg seksuell omgang. Det gjer ikkje norsk lov. Og med kunnskapen vi har om «frysing» og kor mange politimeldingar som vert lagde vekk, er det openbert at dagens lovgjeving ikkje fungerer.

Difor treng vi ei samtykkelov.

Fleire europeiske land vi likar å samanlikne oss med har allereie innført det. Sverige innførte det i 2018. Danmark fekk nyleg fleirtal for det. No må Noreg innføre det same.

For augeblikket er vi dårlegast i den skandinaviske klassen.

Eit informert, entusiastisk samtykke må liggje til grunn for sex.

Valdtekt må verte definert etter fråvær av samtykke i staden for «men kor mykje motstand gjorde du eigentleg?».

Dette vil ikkje berre gjere at færre saker vert lagde vekk – det kan òg verke haldningsendrande. Det kan gjere det enklare å politimelde, fordi det vil knuse myten om at valdtekt må involvere vald. 

Det kan føre til at færre skrid over andre sine grenser, fordi ein lærer seg at det må ligge eit samtykke til grunn.

Tida er overmoden – samtykkelov no!


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Les også meiningsinnlegget som spør: «Dersom menn ikkje forstår eigne grenser, korleis skal dei då eigentleg forstå andre sine grenser?»

Student Karoline Skarstein meiner NRK Innafor manglar eit viktig perspektiv i episoden om seksuelle overgrep. Foto: Renate Wiik