Høgre: Samtykkelov kan vere grunnlovsstridig

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er feil veg å gå. La oss kjempe mot valdtekt på andre måtar, seier Frølich.

Han meiner tida no er inne for å rope eit kraftfullt varsku om dei nye samtykkelovene i nabolanda våre.

– Eg vil åtvare mot denne trua på ein kvikk løysing. Alle er samde om at sex skal vere frivillig. Men ein kan ikkje berre overføre enkle utgangspunkt til avansert juss. Ein risikerer å gjere meir skade enn gagn og kriminalisere store delar av befolkninga på vegen, seier Frølich til NTB.

Han meiner ei samtykkelov i beste fall vil vere symbolsk og forvirrande.

– Men i verste fall risikerer ein å kriminalisere og domfelle personar som aldri burde vore domfelt.

Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus meinar tida er overmoden for ei samtykkelov i Noreg. Foto: Raud Ungdom

Nye lover i Sverige og Danmark

Det er lovendringar i Sverige og Danmark som ligg bak bekymringa.

Sverige innførte eit krav om frivillig deltaking i valdtektsparagrafen i 2018. Ved vurderinga av om seksuell omgang er frivillig eller ikkje, skal det ifølgje den svenske lova leggjast særleg vekt på om det frivillige har komme til uttrykk gjennom ord eller handling eller på annan måte.

Tidlegare denne månaden varsla regjeringa i Danmark at det òg der vil bli innført ei liknande samtykkelov.

Noreg har for sin del halde fast på ein definisjon av valdtekt som det å skaffe seg seksuell omgang ved vald eller truande åtferd eller å ha seksuell omgang med nokon som er medvitslaus eller av andre grunnar ute av stand til å motsetje seg handlinga.

Samtidig har Noreg ein separat lovparagraf som slår fast at det er straffbart å gjere seksuell handling med nokon som ikkje har samtykt til det.

Peter Frølich er justispolitisk talsperson for Høgre på Stortinget. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Fryktar uklarleik

Frølich strekar under at han er open for å justere lovverket. Mellom anna kan det vere eit behov for å kriminalisere seksuell utnytting i større grad, meiner han.

Men ei samtykkelov kan føre til at rettstilstanden blir uklar, åtvarar Frølich.

– Vi risikerer å kludre til jussen, slik at det blir opp til dommarane å avgjere kva som i framtida blir grensene på soverommet. Det kan få heilt uføreseielege konsekvensar, seier han.

Frykta til stortingspolitikaren er at samtykkekravet skal bli for vanskeleg å tolke.

– Det kan bli for uklart kva som er eit samtykke og ikkje.

– Kan vere grunnlovsstridig

I verste fall kan eit samtykkekrav komme i konflikt med legalitetsprinsippet i Grunnlova, meiner Frølich.

I dette ligg det at handlingar må vere så tydeleg beskrive i straffelova at alle kan forstå kva som er lov og ikkje lov.

– Ein risikerer at ein som etter dagens lovgiving ikkje visste, og heller ikkje burde vite, at det manglar tilstrekkeleg frivillig deltaking, blir dømd til strenge fengselsdommar, åtvarar Frølich.

– Det vil vere djupt problematisk, seier han.

________________________________________________________________________

Les også innlegget frå Emilie Hansen: «Sex er aldri ei sjølvfølgje»

Illustrasjonsfoto: Gregory Pappas/Unsplash.com

 

Samtykkelov