Isbreane rundt Svalbard smelter raskare enn nokosinne

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Breane har i gjennomsnitt blitt ein halv meter tynnare per år. Det er jo ganske dramatisk, seier isbreforskar Geir Moholdt ved Norsk Polarinstitutt til NRK.

I sju år har Norsk Polarinstitutt, i samarbeid med Universitetet i Ottawa, studert isbreane rundt Svalbard. Funna dei har gjort viser kor stor påverknad klimaendringane har på naturen i Arktis.

112 gigatonn vatn frå isbreane

Ifølgje Moholdt har issmeltinga ført til 112 gigatonn vatn frå isbreane dei åra studien har halde på. Det svarar til rundt to gonger volumet til Mjøsa.

Høgare temperaturar, meir smelting enn snøfall og auka kalving frå isbreane er årsaka til den merkbare reduksjonen i isbremassane.

Sveinung Rotevatn. Foto: Mona Melanie Lindseth / Venstre

Bekymra klima- og miljøminister

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier til NRK at klimaendringane må takast på høgaste alvor.

– Eg er djupt bekymra for klimaendringane generelt, og det vi ser i Arktis spesielt. Det viser at vi må kutte klimagassutslepp raskare og ta betre vare på naturen. Vi må stoppe klimagassutsleppa våre raskt over heile verda for å stoppe klimaendringane, seier Rotevatn.

Han meiner ein også må beskytte naturen betre og verne han i ekstra sårbare område.

– Eg er veldig spent. Det er godt å få skrive boka ferdig, og at den no skal ut, men eg er ikkje van til å vere på den andre sidan av journalistblokka, fortel Line Nagell Ylvisårker som no debuterer som forfattar med boka «Verda mi smeltar». Portrettfoto: Samlaget / Bakgrunnsbilete av Adventfjorden på Svalbard: Bente Kjøllesdal