Den flytande renta i Lånekassen blir sett ned til 1,539 prosent frå 1. september, noko som er det lågaste ho har vore nokosinne.
NPK-NTB
NPK-NTB

Dette er 0,62 prosent lågare enn dagens nivå. Sidan mars har den flytande renta gått ned frå 2,599 prosent, opplyser Lånekassen.

Sist den flytande renta var på eit tilnærma nivå, var i 2016 då ho i ein periode låg på 1,756 prosent.

Renta i Lånekassen er basert på utrekningar frå Finanstilsynet ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda på bustadlån i marknaden og blir fastsett seks gonger i året.

Illustrasjonsfoto av studentar: Brooke Cagle / Unsplash

LES OGSÅ

ANNONSE