Korona-unntak gav kraftig fall i skulefråvær

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Endra krav til føring av fråvær som følgje av utbrotet av koronavirus i vår er ei viktig årsak til den kraftige nedgangen, ifølgje Kunnskaps- og integreringsdepartementet.

Frå og med 13. mars i år og ut skuleåret vart ikkje fråvær ført på vitnemål og kompetansebevis.

– Dette påverka fråværsstatistikken, skriv departementet i ei pressemelding.

Også dagsfråværet i vidaregåande skule gjekk kraftig ned, frå eit medianfråvær på tre dagar i fjor til to dagar i skuleåret 2019–2020.

På 10. trinn gjekk dagsfråværet ned frå seks til fire dagar, medan timefråværet gjekk ned frå fem til tre.

Samtidig viser Utdanningsdirektoratets statistikk, som vart lagt fram torsdag, at det var nærare 5.000 elevar som vart ståande utan vurderingsgrunnlag i minst eitt fag. Det er om lag 300 færre elevar enn året før.

– Må følgjast opp

Også i haust er det gjort mellombelse endringar i fråværsreglane, fordi ein ikkje vil at elevar med koronasymptom skal gå på skulen.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) understrekar at elevar som er sjuke, skal halde seg heime.

– Samtidig er eg bekymra for at periodar med fråvær skal få langvarige konsekvensar for enkeltelevar, seier ho.

– Det er viktig at elevane som er heime over lengre tid, blir følgde tett opp av skulen. Viss ikkje risikerer vi at enkelte aldri kjem tilbake på skulebenken, seier Melby i pressemeldinga.

Den siste tida har likevel diskusjonen gått høgt om kva plikt skulane har til å sørgje for undervisning både i klasserommet og heime når mange elevar må halde seg borte frå skulen.

Både Skolenes landsforbund og Utdanningsforbundet har gitt uttrykk for frykt for at lærarane blir pålagde dobbeltarbeid utan kompensasjon.

«Lite forståing»

Leiaren i utdanningsforbundet Steffen Handal reagerer på utsegner frå statssekretær Anja Johansen (V), som seier til Kommunal Rapport at skulane sjølve må sørgje for undervisning både for elevar som er på skulen og heime.

Handal meiner utspelet vitnar om lita forståing for situasjonen mange lærarar og leiarar no er i.

– Opplæringslova sikrar elevane dei rettane dei skal ha. Men å peike på skuleleiarar og skuleeigarar i den situasjonen vi er i no, og at dette utan vidare skal løysast lokalt, det er provoserande, seier Handal til Utdanningsforbundet.no.

LO-tilknytt Skolenes landsforbund viser til at norske lærarar har ein arbeidstidsavtale og ein arbeidsplan å stelle seg til.

– Arbeid ut over dette er overtid. Lærarar kan ikkje både vere i klasserommet og i tillegg lage digitale opplegg til dei som er heime, sa forbundsleiar Anne Finborud nyleg.