No kan du lese Donald Duck på samisk

Den populære teikneserien er omsett til tre samiske språk.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein set veldig pris på å endeleg kunne lese favorittbladet sitt på morsmålet sitt, seier Nejla Dunfjeld til NRK.

29-åringen er ein av dei som no gler seg over å kunne lese Donald Duck på samisk!

No kan lesaren følgje onkel Skrue, Donald og trillingane Ole, Dole og Doffen på jakt etter nordlyset på anten lule-, nord- eller sørsamisk.

Frå Elsa til Donald

Omsetjinga er eit samarbeid mellom Trøndelag Fylkesbibliotek og forlaget Egmont.

Dette er ikkje første gong dei slår seg saman for å sikre meir litteratur på samisk – tidlegare i år kom Disney-fimen Frost 2 i bokform, også den på sør-, lule- og nordsamisk.

Les også: Verken NRK, SVT eller Yle tekstar på samisk: – Skulle gjerne sett Skam med samisk tekst

Til høgre: Vegard Holtås (20) vil primært ha samisk tekst på samiskspråklege program, men ynskjer seg også samisk tekst på populære ungdomsprogram som Skam. Til venstre er Marlon Langeland i rolla som Jonas. Foto: Privat/NRK