14-åringane Øyvor og Malin er polarrekruttar: – Det er ganske sjukt eigentleg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hugsar mamma hylte. Ho kunne ikkje tru det, fortel Øyvor Johanne Gjerde på telefon til Framtida.no.

14-åringen frå Tromsø mimrar tilbake til då ho fekk beskjed om at ho var vald ut til å verte Norsk Polarinstitutt sin nyaste polarrekrutt.  

30 elevar konkurrerte om to plassar – Øyvor fekk den eine, og Malin Kvaal Bergland (14) den andre. 

– Eg trudde først ikkje på det, seier Malin. 

Onsdag 2. september fekk dei møte klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og eit samla pressekorps: – Det var litt meir media enn det eg trudde det skulle vere. Eg trur eg har snakka med fire ulike medier, fortel Øyvor. Foto: Stig Mathisen/Norsk polarinstitutt

Har ikkje innsett kor kult det er

Før sommaren lyste Norsk Polarinstitutt ut det som kanskje var årets kulaste sommarjobb: To 9. klassingar frå Tromsø skulle få vere med på tokt og arbeide som forskingsassistentar.

Så kom korona, og alle planar fall i grus.

Men Norsk Polarinstitutt bestemde seg for å halda tråden med tromsøskulane, og i tillegg høgna dei potten.

Ikkje berre skulle elevane som kom igjennom nålauget få vere med på forskingstokt no skulle dei få ta del i eit år med opplæring først. Då kunne dei gå rett inn i arbeidsoppgåvene når forskingsskipet «Kronprins Haakon» legg frå kai neste sommar.

Malin Bergland fortel at ho ikkje stussa særleg før ho søkte. Ho har vore oppteken av klimakrisa og korleis den påverkar dyrelivet sidan ho var lita og såg ein skjelpadde som sat fast i plast på nyheitene.

– Etter det har eg vore fascinert over kor fort det går med klimaendringane, fortel 14-åringen.

Vert NRK-serie

Det neste året skal Øyvor og Malin få vere med på isbremåling i Ny-Ålesund, rypetelling utanfor Longyearbyen og på laboratoriearbeid i Tromsø.

Øyvor fortel at ho gler seg til å sjå alt arbeidet og dataa som ligg bak artiklane og bøkene, men at det ikkje heilt har gått opp for ho enno, at dei skal flyte rundt i Arktis og sjå på isbjørn, sel og kanskje blåkval.

– Eg trur ikkje eg innser kor kult det kjem til å vere, før eg faktisk ser det. Det kjem til å vere så stort, når det går opp for meg at eg er med på dette, seier Øyvor. 

Foto: Stig Mathisen/Norsk polarinstitutt

Det dei to 14-åringane ikkje var klar over i det dei melde seg på, var at året deira som polarrekruttar skal verte filma av NRK.

Øyvor fortel at ho i byrjinga tenkte det nok berre skulle verte ein episode med fokus på naturen, og at ho kanskje ville dukke opp her og der som forskingsassistent. Men så fekk ho høyre at det skal verte ein serie, og at statskanalen skal følgje dei to tett både i felt og på privaten:

– Og dei to orda i hovudet mitt var «wow» og «oi». Det var skummelt, men samstundes kult. 

Første tokt

Allereie torsdag legg dei ut på det første toktet. Då skal dei til Ny-Ålesund på Svalbard, for å sjå kva forskarane held på med der.

– Det er ganske sjukt eigentleg. Eg hadde aldri trudd vi skulle dra så fort, seier Øyvor.

Malin klarar knapt plukke ut kva ho gler seg mest til, men å bade i sikkerheitsdrakter og å oppleve Arktis på nært hald ragar nok på toppen av lista.

Men der er ein ting ho ikkje har fortalt: Ho kan verte litt sjøsjuk.

– Eg veit ikkje kor høgt eg skal prate om det. Det er ein faktor eg gløymde å fortelje, seier 14-åringen og ler. 

– Dei fleste vert sjøsjuke, men mitt beste tips er å sjå på horisonten, ha mat i magen og få nok frisk luft! seier John Elling Deehr Johannesen. Foto: Privat