Representantar frå sju ungdomsfylkesråd fekk den umogelege oppgåva å representere norsk ungdom for dei som styrer landet. På ei helg skulle 14 sprikande meiningar bli til éin representasjon av unge sine verdiar.

Oda Sundgot, Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 07.06.2024 15:06

– Ungdommar kan møtest i lag og vere ueinige, og det er sånn vi utviklar oss. Vi hadde ikkje vore Noreg i dag viss alle berre var einige. Det er dei usemjene som har fått oss til å diskutere og utvikle oss, seier David Mousavi (17), nestleiar i ungdommens fylkesråd i Rogaland til Framtida.no.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Mostratinget for ungdom har ei intensiv helg på å diskutere seg fram til kva verdiar som er viktige for ungdom i dag. Desse meiningane får dei presentere for mellom anna stortingspresidenten, kronprinsparet og sametingspresidenten.

Verdifull

Merjem Duderija (17) kjem frå Drammen og sit i Buskerud Ungdommens Fylkesråd. Ho er særleg opptatt av at ungdom skal få plass i samfunnet.

Merjem Duderija (17) var med i ei panelsamtale om klima.

– Vi pratar mykje om dei som fell ut av skulesystemet. Det er ingen som passar på at desse finn plassen sin i samfunnet og då er det lett at ein mistar mange verdifulle menneske.

Dei 14 representantane frå ungdomsfylkesråda rundt om i landet har eit stappfullt program heile helga.

Ventar på å styre

På MS Caroline får dei møte andre ungdommar som har vore på verdiseglas. Dei har segla frå Stavanger til Moster for å diskutere kristenretten og konsekvensane han har hatt for verdiane våre.

I samtalane blei dei delt inn i grupper som skulle diskutere verdiar knytt til kvar sin kategori: fred, rettferd, sanning og miskunn.

– Det var veldig lærerikt å drøfte med ungdommane som var på verdiseglas. Eg fekk eit nytt synspunkt på verdi, seier Duderija.

Under båtturen fekk ungdommane gjester, kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit, som òg skal vere med å styre landet i framtida.

På land venta stortingspresident Masud Gharahkhani.

Sjå likskapar

David Mousavi (17) frå Sola, nestleiar i ungdommens fylkesråd i Rogaland, og Iver Aarebrot (16) frå Haram, nestleiar i ungdomspanelet i Møre og Romsdal, fekk prate med Gharahkhani på veg opp til Moster gamle kyrkje.

Både Mousavi og Aarebrot er AUF-arar. Dei er einige om at høgdepunktet har vore å møte kronprinsparet og stortingspresidenten.

– Spesielt det å få lov til å prate med dei og formidle meiningar på tvers har vore veldig nyttig og veldig kjekt. Det er også veldig viktig at vi får innspel frå dei, og dei får høyre oss. Vi er nøydde til å samle, vi er nøydde til å diskutere og skape relasjonar og gode debattar, seier Aarebrot.

Når Framtida pratar med Mousavi og Aarebrot er dei på veg til ei panelsamtale om klima. Så å seie heile Moster er blitt festivalområde i høve 1000-årsjubileet, så for å finne Litleamfiet må dei sno seg gjennom hagar og mellom naust.

– På båten, fekk de nokre tankar frå kronprinsparet?

– Ein del av det vi snakka om var religionsbiletet i Noreg og korleis vi må fokusere på samhald, spesielt blant oss unge. Med tanke på religion, eller kva enn du trur på, er dei grunnleggande verdiane vi har for så vidt dei same. Det handlar om å sjå likskapane i staden for ulikskapane, seier Mousavi.

Det å ha ein trygg arena der ein får vere ueinige er viktig for Mousavi. Det har vore ein viktig lærdom frå ungdomspolitikken for han å kunne prate med folk som har andre perspektiv, som til dømes vennar frå FpU og Unge Høgre.

Positiv usemje

Usemja og debatten får god plass på Mostratinget for ungdom. Alle ungdommane som har kome til Moster er profesjonelle i å vere ueinige.

Duderija og medrepresentanten hennar, Kacper Wyszynski (18) som òg er frå Drammen, er eit døme.

Duderija er ikkje medlem i eit parti, medan Wyszynski er medlem av FpU. I Ungdommens fylkesråd er begge deler vanleg.

– Det er ganske grundige diskusjonar når saker skal opp i ungdomsrådet. Sjølv når vi er einige prøver vi å sjå saka frå den andre sida for å få breidde i diskusjonen, seier Duderija.

– Eg meiner usemja er veldig positiv. Vi skal få fram usemja, seier Wyszynski.

Grunnverdiar

Det Ungdommens fylkesråd diskuterer blir presentert for representantane i Buskerud fylkesting. Ungdomsrådet har ikkje utøvande makt, men dei skal gi råd og bli høyrde i fylkestinget.

Foto: Oda Sundgot

Duderija trekker fram arbeidet dei gjorde i oppstarten.

– Vi hadde leikar for å bli kjende og for å lære korleis vi skulle prate med kvarandre. Dessutan blei vi einige om kva grunnverdiar og reglar vi skulle ha, seier ho.

– Der er lett å skli ut av sak når det er mange som er ueinige, men ordstyraren, koordinatorar og rettleiarar passar på.

– Prat om anna enn politikk

Wyszynski legg til viktigheita av å ha politisk kompetanse og å vite korleis ein debatt skal gå føre seg. Det har dei òg hatt innføring i som representantar i ungdomsrådet.

– Har de nokre råd om korleis ein kjem overeins med folk ein er ueinige med?

– Behandle andre slik du vil bli behandla. Du vil ikkje gå til angrep mot nokon som er greie med deg, seier Wyszynski.

– Prat om anna enn politikk av og til, om ein ikkje gjer det, blir det kleint, seier Duderija.

Jordnær

Denne helga er ei god øving i å vere representant. Ungdommane representerer fylket sitt, framtida og Noregs ungdom.

Duderija blei òg plukka ut til å vere representant for representantane. Saman med Heidar Bergum Jahr (18) frå Innlandet og Andreas Borkamo (14) frå Vestland får ho sitte til bords med kronprinsparet.

– Eg sat med ordførarar og fylkesordførarar, folk du aldri trur du vil møte, seier ho.

– Forventinga mi var at dei berre kom til å prate om politikk og at det skulle bli kleint. Men dei var veldig jordnære og velkomne. Dei var villige til å høyre på oss.

Borkamo kunne fortelje at han nesten ikkje fekk prata med kronprinsen då han var mest interessert i å prate med Duderija.

– Kva prata du om med kronprinsen?

– Vi prata om hobby og at eg likar kunst. Dessutan prata vi mykje om arkitektur, seier Duderija.

Kjempa med sverd

Siste post på programmet, og avsluttinga på helga, er spørjetime med barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp), fylkesordførar i Vestland Jon Askeland (Sp), sametingspresident Silje Karine Muotka og stortingsrepresentantane Odd Harald Hovland (Ap) og Liv Kari Eskeland (H).

Ungdommane presenterte verdiane som var viktige for dei. Dei fekk òg stille spørsmål til dei «vaksne» politikarane om korleis dei jobba med desse verdiane.

Foto: Oda Sundgot