Fleirtalet meiner Noreg var dårleg førebudd på koronapandemien

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

55 prosent svarar nei til at Noreg var godt nok førebudd på å handtere ein pandemi som korona, ifølgje Norsk koronamonitor frå Opinion.

33 prosent svarar ja, medan 12 prosent veit ikkje.

Oslofolk mest kritiske

Ifølgje undersøkinga er menn meir kritiske enn kvinner. 59 prosent av menn og 52 prosent av kvinner meiner Noreg var dårleg førebudd. Oslo-folk er mest kritiske – her meiner to av tre (66 prosent) at Noreg ikkje var godt nok førebudd.

I april sette regjeringa ned ein uavhengig granskingskommisjon for å kartleggje handteringa til styresmaktene av koronakrisa. Kommisjonen skal levere arbeidet sitt innan utgangen av mars 2021.