Ungdommane ved Moster 2024 er opptekne av alt frå å sørgje for at det kan bu folk i heile landet til korleis vi kan hindre ungdomskriminalitet.

Åshild Slåen, Birgitte Vågnes Bakken, Oda Sundgot
Publisert

– Ein er nøydd til å ta grep sjølv, ein kan ikkje alltid rekne med at ting blir gjort for deg.

Det seier Heidar Bergum Jahr (18) frå Innlandet ungdomsråd. Han var ein av ungdommane frå fleire ungdomsråd rundt om i landet samla i Mosterhamn i helga. Der var dei med på verdisamtalar, diskuterte politikk, og feira starten på rettsstaten slik vi kjenner han.

Framtida var på staden og spurte dei om kva saker dei er opptekne av i dag.

 

La unge ha ein plass

Merjem Duderija (17) engasjerte seg i elevrådet på skulen sin, og vidare i ungdommens fylkesråd i Buskerud.

– Eg er opptatt av elevmedverking. Vi ungdommar skal vere framtida, og viss vi ikkje får plass, korleis skal vi kunne gjere det betre framover?

Det å la ungdom ta plass meiner ho er viktig for framtida deira.

– Særleg når det gjeld arbeid, er det vanskeleg for ungdom å finne plassen sin. Det er ikkje lønsamt å tilsette ein 16-åring om du kan få ein 22-åring med arbeidserfaring.

Merjem Duderija

Alder: 17

Frå: Drammen

Buskerud Ungdommens fylkesråd

 

 

Like moglegheiter

– Ingen skal bli fødd inn i urettferd.

Jonathan Rygg (14) frå Stavanger fann engasjementet sitt tidleg, under stortingsvalet i 2021. Då venninna melde seg inn i AUF, følgde han etter, og vidare vart det fleire roller i forskjellige råd. For han er det eit viktig poeng at alle skal ha gode moglegheiter.

– Sjølv om du er fødd inn i ein fattigare familie, skal du ha moglegheit til å gå på skule og universitet, og gjere det du har lyst til å gjere.

Jonathan Rygg

Alder: 14

Frå: Stavanger

Ungdommens kommunestyre i Stavanger

 

Vil ha skikkelege tilbod i heile landet

– For meg som ung i distrikts-Noreg er det ekstra viktig at det går an å bu i heile Noreg.

Heidar Bergum Jahr (18) sitt engasjementet starta då han forstod at ikkje alt var perfekt i lokalsamfunnet. Dersom folk skal kunne bu på bygda, meiner han det må leggjast opp til det.

– Då må ein ha gode vegar, god infrastruktur som gjer at ein kan kome seg ulike stader, og ein må ha gode tilbod i heile distrikts-Noreg.

Heidar Bergum Jahr

Alder: 18

Frå: Raufoss

Innlandet ungdomsråd

 

Krig og diskriminering

For David Mousavi (17) er det å bli med i politikken noko av det største som har skjedd han. Å diskutere hjartesaker med andre gir han veldig mykje, og hjartesaker har han nok av:

– Eg skal ikkje ramse opp heile lista, men på eit internasjonalt spekter er det hundre prosent Palestina-Israel-konflikten, og Ukraina og Russland.

På eit meir nasjonalt nivå er han oppteken av kampen mot diskriminering, samhald og kultur, og at Noreg klarer å oppretthalde dei verdiane vi har.

– At vi kan forme framtida på ein god måte.

David Mousavi

Alder: 17

Frå: Sola kommune

Ungdommens fylkesråd i Rogaland

 

Klima og internasjonalt samarbeid

– Eg såg problemstillingar som for eksempel ungdomskriminalitet, som var i mitt nærmiljø, som eg ville endre.

Framtida.no pratar med Rawan Naima (14) like før ein panelsamtale om korleis vi skal ta vare på jorda i åra framover. Ho bryr seg nemleg om fleire ting enn ungdomskriminalitet.

– No er eg oppteken av klima, som vi skal prate om. Og så er eg oppteken av internasjonale samarbeid mellom Noreg og andre, og at vi unge blir lytta til i forskjellige saker.

Rawan Naima

Alder: 14

Frå: Stavanger

Ungdommens fylkesråd i Rogaland

 

 

Vere ei stemme for unge

Nahom Guitom (14) ville vere ei stemme for ungdom lik han sjølv. Sjølv om han er fødd i Noreg, har han foreldre som er innvandrarar, og det var viktig for han å hjelpe dei som ikkje følte seg heilt norske, men heller ikkje berre som innvandrarar.

– No i dag er eg meir oppteken av å gi ungdom ei stemme, og kva vi kan gjere for at ungdom skal ha det best.

I det siste har han særleg jobba med forslag til ei samtykkelov, og korleis dei som er dømt for valdtekt, blir straffa.

– Eg var i Oslo nyleg for å sende inn forslag.

Nahom Guitom

Alder: 14

Frå: Mo i Rana

Ungdommens fylkesråd i Nordland

 

 

Byggje opp venskap

– Mitt engasjement kom frå heimen, der det var spørsmål om eg ville bli med i eit ungdomsråd.

Iver Aarebrot har erfart at politikk kan fungere, og meiner det er slik ein skaper endring i verda. No er han oppteken av å byggje gode band nasjonalt og internasjonalt.

– Å forme venskap og samhald og gode relasjonar til kvarandre, sånn at vi skapar innovasjon og nye tankar og løysingar inn i framtida er det som driv meg no.

Iver Aarebrot

Alder: 16

Frå: Lepsøya

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal