– Det er eit problem at me ikkje snakkar om at menn blir valdtekne

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har kjent på eit ekstremt kroppspress. Me blir jo framstilt som Ken-dokker, seier Henning Rasmussen.

18-åringen frå Klepp på Jæren lanserte nyleg diktsamlinga Du skal bli elsket lenge på Publica forlag.

Dikt som terapi

Rasmussen starta å skrive allereie som 13-åring for å takla depressive tankar og vonde kjensler. Si første diktsamling har han brukt to år på å skrive.

– Det er på ein måte mine opplevingar gjennom ungdomstida med kjærleik – på godt og vondt. Det handlar om valdtektsepisodar og møtet med draumeprinsen, om vegen frå sårbar og deprimert til å føla seg tilfreds, forklarar Rasmussen.

sengen din var en spikermatte

som du bandt meg fast til

mens jeg skrek

og du sa

det var bra for meg

«Store gutar gret ikkje»

Den unge forfattaren fortel om fleire seksuelle overgrep og meiner det er eit problem at me ikkje snakkar om at menn blir valdtekne.

– Eg trur det kan ha samanheng med mannsrolla, at «store gutar gret ikkje» og at ein skal vere så sterk. I tillegg er «homo» framleis eit mykje brukt skjellsord. Anten ein er heterofil, homofil i eit skap eler noko anna kan det vere vanskeleg å seie at ein er blitt valdteken av ein mann, fordi det kan opplevast som audmjukande, seier Rasmussen.

Les også: Homo og hore oftast brukte skjellsord i norsk skule

Seksualundervisning – òg for homofile

Rasmussen, som går i tredjeklasse på studiespesialiserande linje, meiner seksualundervisninga er så dårleg når det kjem til homofile at han kallar tilbodet ei skam.

– Eg har opplevd at yngre personar kjem bort til meg og spør om dei må svelte seg i to dagar for å ha analsex. Det må ein sjølvsagt ikkje!

I tillegg understrekar han at det er viktig å formidla både til jenter og gutar at dei kan seie nei.

– Eg har opplevd at ein går på fest og så er det ein annan homofil person der og så er det nesten gitt at ein skal ha sex – og slik skal det jo ikkje vere, understrekar Rasmussen.

Les også: Alle burde lese 12 bøker om homoar

Tabu å snakka om overgrep

18-åringen meiner at noko av grunnen til at det er lite fokus på valdtekt i homofile miljø er at ein er redd for å stempla det negativt.

– No er det vorte lovleg rundt om i verda, men me er framleis der at alt må vere positivt. Det er tabu å seie negative ting og du blir fort stempla sjølv, seier Rasmussen.

Han understrekar at han ikkje føler han stemplar heile miljøet, sjølv om han er oppteken av dei problematiske tinga som skjer.

– Det er eit stort sexpress og kroppspress i det homofile miljøet. Eg kjenner mange unge homofile som opplever eit press når det kjem til seksuell aktivitet, kropp og korleis dei skal vere, seier 18-åringen.

Les også: – Ein må vere streit for å sei at «det er like greitt å vere homo» og faktisk tru på det

Stereotypiar i populærkulturen

Han meiner mykje av presset kjem frå stereotypiske framstillingar av homofile menn i populærkulturen.

– Når ein ser ein homofil person på film er det oftast ein stereotypisk, feminin mann som er oppteken av dilldall og ikkje tek noko seriøst. Det er gjerne ein dansar eller musikar. Det er aldri ein person som har ein keisam kontorjobb, seier 18-åringen, og legg til:

– Dei er alltid veltrente og har ingen feil på kroppen. Eg har hår i ansiktet og rundt omkring og har ikkje noko sixpack.

«Ver deg sjølv»

Rasmussen håpar dikta hans treff menneske på tvers av legning, men håpar særleg at unge homofile som er usikre på vegen vidare og foreldra, som er støtta deira, vil lese dei.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv då du var yngre?

–  Først og fremst at du ikkje skal la deg kua ned og heller stå for dei tinga du er. Det var ein lang periode der eg bukka under for presset om å vere ein stereotypi. Så såpass klisje, som: «Ver deg sjølv».