Den danske statsministeren krev ei ny valdtektslov basert på samtykke

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny valdtektslov er på trappene i Danmark, og no slår den statminister Mette Frederiksen frå Socialdemokratiet fast at den skal basere seg på samtykke.

Det melder den danske kringkastaren DR.

– For meg er det ganske enkelt. Sjølv om alt juridisk er ganske komplisert, sa statsministeren i spørretimen i Folketinget ifølgje DR.

Danmark ligg såleis an til å gjere som sine svenske naboar, som vedtok ei samtykkelov som trådde i kraft i juli 2018.

Granska over 650 dommar

Den komande lova har vorte diskutert i kjølvatnet av anbefalinga som kom frå Straffelovrådet førre veke.

I 2019 fekk rådet, som er samansett av 11 juridiske ekspertar, i oppgåve av justisminister Nick Hækkerup å granske dei danske valdtektslovene. Rådet skulle vurdere kor vidt lovene var tydelege nok på at seksuelle handlingar skal vere frivillige, samt kome med konkrete råd til korleis lovgjevnaden kunne verte utforma.

Etter å ha gjennomgått over 650 valdtektsdommar, foreslo Straffelovrådet at valdtektsparagrafen måtte oppdaterast. 10 av medlemmane frå rådet anbefalte å vektlegge frivilligheit, medan eitt medlem anbefalte samtykkebasert lovgjevnad.

Fleirtalet la vekt på at omgrepa frivilligheit og samtykke var to sider av same sak, og at der i utgangspunktet ikkje vil vere stor forskjell på kva terminologi som vert nytta. Straffelovrådet understreka at samtykke framleis kan vere stillteiande.

Må passe betre på valdtektsoffer

Tilrådinga frå Strafferådet fekk talsmann i støttepartiet Endhedslisten, Rosa Lund, til å reagere. Om frivilligheit vart lagt til grunn, frykta ho gjerningspersonar vil gå fri dersom offeret ikkje har sagt aktivt frå eller har vore for rusa.

Då den sosialdemokratiske regjeringa vart samde med støttepartia sine etter valet, vart dei også samde om ei lov basert på samtykke.

Under spørretimen i Folketinget heldt statsminister Mette Frederiksen fast på dette:

– Det eg først og fremst går etter, er at den verkar – at vi passar betre på valdtektsoffer og får fleire avsagde dommar, seier statsministeren ifølgje DR.

Den danske kringkastaren skriv at Straffelovrådet sitt forslag no vert sendt ut på høyring, før det skal opp til politisk handsaming.

Henning Rasmussen (18) frå Klepp går tredjeklasse på Stavanger katedralskole og er aktuell med diktsamlinga «Du skal bli elsket lenge» på Publica forlag. Pressefoto