Irland: Truse vart brukt som bevis for at 17-åring var «open for å møta nokon»
Irske kvinner deler bilete av undertøyet sitt under emneknaggen #thisisnotconsent.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eit par blondestringtruser vart brukt som bevis i retten då ein 27 år gammel mann 5. november vart frikjent for anklager om valdtekt av ei 17 år gammel jente i ei bakgate i Cork i Irland.
I avslutningsprosedyren løfta mannens forsvarar, Elizabeth O’Connell, fram undertøyet til jenta.
– Utelukkar beviset moglegheita for at ho var tiltrekt av tiltalte og var open for å møte nokon og vere med nokon? De må sjå på måten ho var kledd. Ho hadde på seg ein tanga med blonder framme, sa O’Connell ifølgje The Irish Examiner til juryen.
Etter at juryen – som bestod av åtte menn og fire kvinner – hadde diskutert saka i ein og ein halv time vart den tiltalte einstemmig frikjent.
Politikar viste trusa i parlamentet
I kjølvatnet av saka har kvinner delt bilete av sitt eige blondeundertøy i sosiale medium som Twitter og Instagram under emneknaggen #thisisnotconsent.
Tysdag denne veka vart saka løfta politisk då Ruth Coppinger løfta fram eit par av sine eigne truser i det irske parlamentet.
I hear cameras cut away from me when I displayed this underwear in #Dáil. In courts victims can have their underwear passed around as evidence and it’s within the rules, hence need to display in Dáil. Join protests tomorrow. In Dublin it’s at Spire, 1pm.#dubw #ThisIsNotConsent pic.twitter.com/DvtaJL61qR
— Ruth Coppinger TD (@RuthCoppingerTD) 13. november 2018
La truser framfor rettssalen
Coppinger har engasjert seg sterkt i saka og leidde onsdag ein demonstrasjon i Dublin mot det som på engelsk vert kalla victim blaming, nemleg å leggja skulda på offeret for eit overgrep.
Samstundes demonstrerte kvinner i både Limerick og Cork, der 200 kvinner la ned trusene sine framfor rettssalen der rettssaka fann stad.
In Cork earlier today ? #ThisisNotConsent pic.twitter.com/q8WhhG9vxG
— I Believe Her – Ireland (@ibelieveher_ire) 14. november 2018
#IBelieveHer
Dette er andre gongen på kort tid irane tek til sosiale medium for å demonstrera mot måten valdtektsoffer vert møtt i det irske rettssystemet.
I mars vart to profilerte rugbyspelarar einstemmig frikjent for valdtektsanklager frå ei 19 år gammel jente på ein fest i Belfast i 2016. Under emneknaggen #IBelieveHer uttrykte irar sympati med kvinna og frustrasjon over rettssystemet.
I served on a rape trial jury last summer. A not guilty verdict does not mean no guilt. The standard of proof required to convict + unanimous agreement from 11 people is such a high threshold, it’s a miracle it ever happens. The poor girl. #IBelieveHer
— Seb (@SebMcAteer) 28. mars 2018
Kvinna skal ha fortalt at ho ikkje ville gå til politiet med saka, fordi ho frykta å ikkje bli trudd.
Ifølgje Facebook-sida «I believe her – Ireland» vil éi av fem irske kvinner og éin av ti irske menn verte utsette for seksuell vald. Berre 32 prosent melder ifrå til politiet, medan berre 8 prosent av sakene som vert rapportert endar opp med ein fellande dom.
Nuala McAllister, som var ordførar i Belfast fram til juni i år, skreiv ifølgje Irish News på Facebook at ho frykta rettssaka og mediemerksemda vil få øydeleggjande konsekvensar for kor vidt offer for seksuell vald i framtida kjem til å rapportera hendingane.