Helland trur homofile i fotballen er redde for jobb-framtida

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier han til Adresseavisen som har intervjua fotballprofilar på herre- og kvinnesida om problemet med homofili i fotballen.

Det gjer avisa etter det anonyme brevet frå ein Premier League-spelar som skildrar tilværet som homofil fotballspelar som eit mareritt.

– Jobbmoglegheiter kan  ryke

– Dessverre ser vi at mange land er langt meir konservative enn Noreg. Eg trur frykta for å øydeleggje for eit mogleg proffeventyr i utlandet gjer at ein ikkje ønskjer å stå fram som homofil, seier Helland.

– Jobbmoglegheitene kan ryke, seier han.

Vfl Wolsburg-spelar Ingrid Syrstad Engen, frå ein kamp i 2019. Foto: EL Loko Foto/Wikipedia

– Trist

Landslagsprofilen Ingrid Syrstad Engen speler i tysk Bundesliga og seier det er veldig trist å lese brevet frå den anonyme fotballspelaren i England.

– Eg synest det er veldig vanskeleg å skjøne kvifor det er sånn. Det må nok gjerast noko på alle plan, som Premier League-spelaren er inne på. Eg trur òg det må slåast hardt ned på når folk bruker homofili som skjellsord og slikt, seier ho til Adressa.

Henrik Lunde i Norges Fotballforbund seier at NFF jobbar med saka, men at dei ikkje veit kva som skal til for å få ein proffspelar på herresida til å stå fram som homofil.

Emilie Kruse Johansen (20) meiner løn og speletider er viktigare enn regelverket under kamp, for å sikra likestilling i idretten. Foto: Fredrik Hagen, Norges Ishockeyforbund.