Ekkokammer, hatytringar og populisme: Kor går demokratiet?

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 29.06.2020 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den eine demokrati-indeksen etter den andre skildrar global demokratisk tilbakegang. Frå USA til Filippinane, frå Brasil til India: populisme, nasjonalisme og meir autoritære leiarar er på frammarsj, og det er lite som minner om «The End of History» som Francis Fukuyama spådde etter den kalde krigen, der alle statar til slutt ville enda opp som liberale demokrati.

Snarare verkar utviklinga å gå i motsett retning, idet Freedom House melder om demokratisk tilbakegang for 14. året på rad.

Bør vi opna for nye utvidingar av demokratiet, og korleis bør det i så fall gjerast?

Kva skuldast dette? Er truslane som gjer seg gjeldande globalt også farar for det norske demokratiet? Makt- og demokratiutgreiinga frå 2003 skildra «de politiske institusjoners retrett», der politikken blir overført frå folkevalde til domstolar, kontrollinstansar og marknadsaktørar. Korleis står det til 17 år seinare?

Artikkelserien «Slutten på demokratiet?» kjem til å utfordra ideen om at vi har nådd demokratiets siste utviklingstrinn, og undersøka ulike måtar ein kan vidareutvikla styresettet vårt på. I faglitteraturen er det snakk om nye generasjonar «kritiske borgarar» med større tiltru til eigne evner, som krev større politisk medråde.

Bør vi opna for nye utvidingar av demokratiet, og korleis bør det i så fall gjerast?

Les også: Kan ei borgarforsamling hjelpa oss med å løysa klimakrisa? 

Facebook-demokrati

Parallelt med folkelege krav om auka medverknad, gjennomgår samfunnet ei rivande teknologisk utvikling. Samfunnsdebatten har blitt flytta frå analoge aviser og over i talrike digitale «deloffentlegheiter». I sosiale medium er det algoritmar som føreskriv kva for informasjon ein blir eksponert for, og såleis også kva briller ein ser verda gjennom.

Informasjonen vi blir tildelt er ikkje lenger bestemt av avisredaktørar, men blir filtrert av sofistikerte algoritmar med utgangspunkt i vår tidlegare framferd.

Suspekt frå ein demokratisk ståstad at eit privat selskap i USA legg premissa for norsk offentlegheit

Dersom ein manipulert video av Erna Solberg skulle dukka opp på Facebook, er det i praksis Mark Zuckerberg som avgjer om den skal fjernast eller ei. Foto: Jason McElweenie/Flickr/CC-lisens.

Til sjuande og sist er det éin mann i Facebook som definerer offentlegheita for fleire milliardar menneske – og for mange av desse menneska er Facebook offentlegheita. Trass iherdige forsøk på moderering frå Facebook si side, er det suspekt frå ein demokratisk ståstad at eit privat selskap i USA legg premissa for norsk offentlegheit.

På sett og vis er vi fjernstyrt, meiner somme, og dei digitale selskapa som sit med kontrollen over oss opererer i eit politisk tomrom, knapt underlagt noka form for rettsstatleg eller demokratisk kontroll.

Kva gjer dette med demokratiet, og er det i det heile tatt mogleg å underlegga dei digitale gigantane folkevald styring?

Eit eige rom

Innanfor nye deloffentlegheiter søker mange seg til meiningsfellesskap som kan stadfesta og legitimera eigne synspunkt heller enn å utfordra og utvikla desse. Dette er blant utviklingstrekka som har gitt opphav til ekkokammer og aukande polarisering – karakterisert av eit skarpt, for ikkje å seia uoverkommeleg skilje mellom meiningsmotstandarar.

Vår evne til empati blir utfordra når røyndomen vi opplever på nettet er heilt framand for våre medborgarar

Når algoritmane vil halda deg på same nettstad så lenge som råd, blir det einaste logiske å ikkje eksponera oss for motførestillingar, men snarare å gi oss meir av det behagelege perspektivet vi allereie kjenner oss heime i.

Digitalt lever vi derfor i vår eiga verd, og vår evne til empati blir utfordra når røyndomen vi opplever på nettet er heilt framand for den våre medborgarar opplever. Utrusta med ropert på våre respektive planetar kan vi ikkje fatta og begripa korleis våre medmenneske hamnar på vidt ulike konklusjonar frå oss sjølve, og i verste fall blir medkjensle erstatta med vantru og antipati.

Kva kan ein gjera med slike ekkokammer?

Ytringsfridom skal det vere, men kor mykje?

For enkelte gir den nye digitale røyndomen seg uttrykk i hatytringar. PST trekk fram radikalisering i lukka forum som ei av dei største truslane Norge står overfor i si trusselvurdering for 2020.

Med algoritmar rigga for å maksimera engasjement i sosiale medium er det nettopp nettroll og ekstreme haldningar som når fram, med det resultat at utsette grupper ikkje lenger tar del i den digitale offentlegheita.

Eit demokrati der berre fleirtalet kjenner seg velkomne i offentlegheita er eit urettvist demokrati, har enkelte argumentert. Kanskje bør ein ytterlegare innskrenka fridomen til å ytra seg hatefullt for å sikra minoritetsgrupper lik tilgang på denne offentlegheita?

Dette er nokre av emna vi skal ta føre oss i denne artikkelserien, som set søkelyset på det norske demokratiet, og spesielt korleis den teknologiske utviklinga gir opphav til nye utfordringar og moglegheiter.

Har du tips til tema vi bør ta føre oss? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

Les også: Viktoria gir seg ikkje før samehetsen forsvinn