Unge Høgre vil kaste ut ungarsk ungdomsparti: – Eit modig steg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amalie Gunnufsen er internasjonal ansvarleg i Unge Høgre sitt sentralstyre. Foto: Julie Ellefsen

– Dei bryt med vanlege demokratiske prinsipp som ytringsfridom, LHBTQI-rettar og familierettar, og det er eit land som i større grad går mot å verte eit diktatur, seier Amalie Gunnufsen, internasjonal ansvarleg i Unge Høgre, til Framtida.no.

Unge Høgre har no fått med seg ti andre europeiske søsterparti, som saman krev at det ungarske ungdomspartiet Fidelitas vert ekskludert frå paraplyorganisasjonen YEPP (Youth of the European People’s Party).

Fidelitas er ungdomspartiet til Fidesz, som er partiet til sitjande statsminister Viktor Orbán. Fidesz er sjølv suspendert frå partigruppa EPP (European People’s Party).

– Ungarn var noko anna då dei vart med i EU, og partiet var annleis før Orbán kom til makta, slår Gunnufsen fast. 

Orbáns Ungarn: – EUs første autoritære medlem

Den ungarske statsministeren Viktor Orbán frå moderpartiet Fidesz, og har sete ved makta i to vender: første gong frå 1998-2002, og no sidan 2010.

Med Orbán i leiarsetet har Ungarn teke stadig fleire steg vekk frå demokratiet, og ifølgje det svenske forskingsinstituttet V-Dem Institute har landet dei siste ti åra gått frå å vere eit liberalt demokrati til eit valautokrati (electoral autocracy).

I den siste utgåva av sin årlege demokratirapport konstaterer forskingsinstituttet at EU har fått sin første autoritære medlemsstat.

Medan den ungarske statsministeren Viktor Orbán har hatt sete ved makta har landet falle utanfor demokrati-definisjonen. Foto: Zsolt Szigetvary/MTI via AP

Rapporten peikar på at utviklinga i landet er blant dei mest ekstreme i nyare tid, og viser mellom anna til dei mange innskrenkingane i pressefridom, akademisk fridom og i sivilsamfunnet.

Då koronapandemien spreidde seg til Ungarn fekk Orbán på plass ei kriselov, som gjorde det mogeleg for å styre ved dekret og i teorien på ubestemt tid. Kriselova er no heva.

Samstundes har landet signert stadig fleire lovendringar som opnar for diskriminering av LHBTQI-personar.

Seinast 18. juni slo EU-domstolen fast at Ungarn braut EU-lovverket då landet kravde at ideelle organisasjonar som fekk finansiering frå utlandet laut registrere seg som «utlandsstøtta organisasjonar» og oppgje kven dei får støtte frå.

Har arbeidd for utkasting i fleire år

Amalie Gunnufsen fortel at Unge Høgre allereie i 2012 byrja kritisere utviklinga i Ungarn internt, og freista knyte til seg andre europeiske ungdomsparti med same verdiar, før dei i 2018 byrja aktivt å arbeide for å få ungdomspartiet Fidelitas kasta ut av YEPP.

– Problemet er at det er enkelt å kome inn og vanskeleg å kome ut. Vi har jobba lenge med å finne ut korleis vi lovleg kan få dei ut. 

Gunnfusen forklarar at tidlegare laut ein ha støtte frå over halvparten av medlemmane i sentralstyret i YEPP for å fremje eit suspensjonsforslag, og at det har vist seg å vere vanskeleg:

– Det verkar som heile ungdomspartiet sin intensjon er å undergrave YEPP. Det er som dei prøver å øydeleggje for politikkutviklinga. Dei klamrar seg fast og jobbar strategisk for å få inn andre organisasjonar som kan støtte dei slik at dei får flest mogeleg sentralstyremedlemmar.

24-åringen fortel at det har vore eit frustrerande dilemma for Unge Høgre – skulle dei verte verande i same paraplyorganisasjon som Fidelitas og halde fram arbeidet for å kaste dei ut, eller skulle dei gå sjølve?

No har Unge Høgre derimot fått gjennomslag for at ein heller skal votere over suspensjon, og då er situasjonen plutseleg annleis.

– No har vi klart å kome veldig langt på veg, seier Gunnufsen.

Helsingforskomitéen: – Eit modig steg

– Unge Høgre har teke eit veldig modig steg, og det er veldig bra at dei vil ekskludere eit ungdomsparti, når moderpartiet bryt demokratiske spelereglar og menneskerettar. 

Det seier Csilla Czimbalmos, avdelingsleiar for sentraleuropisk seksjon hjå Den Norske Helsingforkomité, på telefon til Framtida.no. 

Csilla Czimbalmos er avdelingsleiar for sentraleuropisk seksjon hjå Den Norske Helsingforkomité. Foto: NHC

Ho peikar på at dei autoritære tendensane i Ungarn har hatt ein smitteeffekt på Polen og Slovenia, og håpar Unge Høgre sitt standpunkt kan ha ei tilsvarande påverknadskraft: at fleire står opp for demokratiet og menneskerettane.

Samstundes kritiserer Czimbalmos EU for å ikkje ha teke grep i møte med eit stadig meir autoritært Ungarn:

– EU burde handtert dette mykje tidlegare. Dei må på eit eller anna tidspunkt gjere det, viss ikkje mister dei all kredibiliteten og autoriteten dei har. 

Czimbalmos seier ein kan stille spørsmål ved kor vidt dei euroskeptiske partia i Ungarn og Polen forsøker å underminere EU frå innsida. I staden for å melde seg ut, som Storbritannia med Brexit, så tek dei antidemokratiske steg innanfor unionen og samlar makt derfrå.

– Ein må kome med sterkare verkemiddel, elles raknar heile systemet, understreker Csilla Czimbalmos.