Gaute Eiterjord knuser mytar i boka «Klimaopprøret»

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gaute Eiterjord hjelper deg å snakka om klimakrisa

Som tidlegare leiar i Natur og Ungdom har Gaute Eiterjord meir erfaring enn dei fleste med hamla opp med politikarar og klimafornektarar.

Han kallar det «ein slags guide til klimadebatten».

– For deg som vil ha gode argument, knusa nokre mytar og har lyst til å imøtegå hersketeknikkar og det andre sprøytet som eldre klimafornektarar kjem med, seier Eiterjord på telefon til Framtida.no.

Blant klimafornektarar er det to grupper, ifølgje Eiterjord. Den første er den harde kjerna, som nektar for at klimaendringar skjer eller at dei er menneskeskapte. Denne gruppa blir det færre av, og dei får mindre spalteplass i media. Den andre gruppa klimafornektarar er det fleire av, og dei er ifølgje klimaaktivisten eit større problem. Dei anerkjenner at det finst klimaendringar, men ikkje at der er ei krise der ein må gjera større endringar.

– Det er likesæle som er problemet, seier meiner 24-åringen

Folk ønskjer like mykje handlekraft for klimaet som det som er vist under koronapandemien

Dåverande NU-leiar Gaute Eiterjord og dåverande leiar i Elevorganisasjonen Alida D’Agostino på ein av fleire skulestreikar for klima i fjor. Foto: privat

Kan læra frå pandemien

Eiterjord viser til ei undersøking frå i vår, som viser at eit fleirtal av nordmenn ønskjer at politikarane skal hjelpe dei til å ta klimavenlege val.

– Folk ønskjer like mykje handlekraft for klimaet som det som er vist under koronapandemien, seier han, og legg til:

– Er det éin ting politikarane skal ta med seg frå dette viruset, så er det å lytta til forskarane og ta store grep – sjølv om det betyr at det vil bli dyrare å køyra bil og kjøpa kjøt.

I boka skriv han at nokre av endringane vil gjera vondt, og han skriv om det han meiner er mytar frå klimadebatten.

Politikarane må ta nokre upopulære og omdiskuterte avgjersler.

– Eg håpar den regjeringa som kjem etter stortingsvalet til neste år skal seia at no skal me ikkje leita etter olje meir, seier han til Framtida.no.

Skulestreiken for klima fredag 24. mai 2019. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Tar oppgjer med mytar

I boka freistar Gaute Eiterjord å avkrefta fleire mytar som er vanlege i klimadebatten. Éi av dei er at me vil bli fattige utan olja.

«Utan olje vil vi ikkje bli fattige, vi vil berre bli litt mindre rike. Vi må finne andre ting å leve av, og vi vil bli likare nabolanda våre. Er det så gale, då?» spør han i boka.

Andre mytar han skriv om er at det ikkje er vårt ansvar og at andre vil produsera olja viss ikkje me gjer det – og at norsk olje og gass erstattar kol.

Kondis

Gaute Eiterjord melde seg sjølv inn i Natur og Ungdom som 14-åring. Mykje av det han har lært, har han lært i ungdomsorganisasjonen.

– Anten du engasjerer deg i elevrådet, ungdomsorganisasjonar eller ungdomsparti, så får du vera med på å påverka og læra om korleis du gjer det.

Eiterjord understrekar at dei fleste unge veit korleis dei skal gå fram for å få fram meininga si. Skulestreikarane visste korleis dei skriv lesarbrev, lagar til demonstrasjon og plakatar.

Men nokre saker tar lengre tid å få gjennomslag for. I ungdomsorganisasjonane får ein stå saman med andre og halda fram med kampen.

– Kampen for bilfritt Oslo starta Natur og Ungdom i 2006, og først i 2015 gjekk byrådet inn for dette, minner han om.

Her overrekker Gaute Eiterjord klimakrava frå skulestreikane til dåverande klimaminister Ola Elvestuen (V) Foto: Thomas Mordal/Natur og Ungdom

Kva kan du gjera?

Gaute Eiterjord kjem med fleire døme på kva du sjølv kan gjera for klimaet:

– Du kan snakka med foreldra dine om å kutta ut turen til Syden eller New York, og heller ta ferieturen med Interrail i staden.

– Du kan eta meir fisk og vegetar, og få foreldra dine til å skaffa seg elbil.

– Du kan snakka med lokalparti i kommunen din om løysingar kommunen din kan setja i verk. Løysingane finst.

Gaute Eiterjord tilrår endå fleire unge å bli medlem av ein miljøorganisasjon for å ta vare på livsgrunnlaget vårt.

Men samstundes som det er mykje kvar enkelt kan gjera, så meiner han det er viktig å stilla makta til ansvar:

– Me unge er underrepresenterte i demokratiske institusjonar. Det er dei som har makta som har størst evne til å få til store tiltak. Før skulda politikarane på at det ikkje var vilje i folket til å ta store grep. Etter klimaopprøret, så kan ikkje politikarane lenger skulda på det.

– Dess meir me ventar, dess verre blir klimakrisa.

LES OGSÅ: Klimaangst og atomfrykt: – Det er noko som verkeleg står på spel

Skulestreik for klima fredag 24. mai. Foto: Andrea Rygg Nøttveit