Eigen hjelpetelefon for sinne i Trondheim
Trondheim kommune har oppretta ein eigen hjelpetelefon for folk som føler sinne og frustrasjon i samband med koronaepidemien.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gjennom hjelpetelefonen håper kommunen å fange opp både folk med sinnemeistringsproblem som ikkje kan samlast til gruppeterapi lenger, og vanlege, litt frustrerte folk, melder NRK.
– Vi håpar dette kan bli ei slags erstatning, og på ein måte eit førebyggande tiltak for å ta ting i starten før det blir for gale, seier einingsleiar Stig Antonsen i Trondheim kommune.
Organisasjonen Mental Helse trur ein slik telefon kan vere klokt. På hjelpetelefonen sin har dei opplevd stor auke i pågangen i samband med koronaviruset.
Torsdag hadde telefonen 897 førespurnader, 94 med koronatematikk, opplyser kommunikasjonssjef Kristin Bergersen i Mental Helse.