Den humanitære situasjonen i Burkina Faso er verdas mest neglisjerte fluktkrise for andre år på rad. Det kjem fram i Flyktninghjelpen sin årlege rapport. 

Edvard Storm Simonsen
Publisert

For andre år på rad har Flyktninghjelpen «kåra» den humanitære situasjonen i Burkina Faso til den mest neglisjerte krisa i verda.

Målet med rapporten er å rette søkelyset mot situasjonen til menneske som lid, men som sjeldan skaper internasjonale overskrifter, som får ingen eller utilstrekkeleg hjelp, og som aldri får fokus i det internasjonale diplomatiet.

Rapporten baserer seg på tre kriterium:

Burkina Faso

Hovudstad: Ouagadougou

Innbyggjarar: 26 673 762

Offisielt språk: Fransk

Statsform: Republikk (Militært diktatur)

Statsoverhovud: Ibrahim Traoré

Kjelde: SNL

mangel på humanitær finansiering, mangel på mediemerksemd og mangel på internasjonale politiske initiativ samanlikna med talet på menneske i naud. Utifrå desse kriteria er det altså Burkina Faso som kjem dårlegast ut. Rett bak kjem Kamerun, Den demokratiske republikken Kongo, Mali og Niger.

Korleis hamna Burkina Faso i denne situasjonen?

Verdas ti mest neglisjerte fluktkriser, ifølge Flyktninghjelpen:

  1. Burkina Faso
  2. Kamerun
  3. Den demokratiske republikken Kongo
  4. Mali
  5. Niger
  6. Honduras
  7. Sør-Sudan
  8. Den sentralafrikanske republikk
  9. Tsjad
  10. Sudan

Kjelde: Flyktninghjelpen

 

 

Øvre Volta

Burkina Faso er eit land som ligg i innlandet i Vest-Afrika. Landet har om lag 26 millionar innbyggjarar og har i likskap med Norge og Canada, ein hovudstad som begynner på bokstaven O, nemleg Ouagadougou. Burkina Faso ligg i Sahel-beltet, eit område i Afrika som av Flyktninghjelpen vert omtala som verdas mest neglisjerte og konfliktfylte region. I tillegg er det eit lite fruktbart og tørt område.

I likskap med mange av dei andre landa på lista av land med neglisjerte kriser var Burkina Faso ein europeisk koloni, nærare bestemt, fransk. Under kolonitida hadde Burkina Faso fleire ulike offisielle namn, men vert kanskje best hugsa som Øvre Volta. Det vart dei kalla heilt til Thomas Sankara kom på banen.

Thomas Sankara – Afrikas Che Guevara

Thomas Sankara var ein militæroffiser som kuppa makta i Øvre Volta i 1983. Sankara var antiimperialist og ville gi landet tilbake sin identitet. Eit år etter han tok makta bytta han namnet på landet til Burkina Faso – som kan verte omsett til noko slik som «det ærlege folks land». Men det var ikkje alt han gjorde.

Under si tid som president i Burkina Faso fekk han mellom anna redusert spedbarnsdødelegheita, reduserte analfabetisme, auka likestillinga og planta over ti millionar tre for å kjempe mot ørkenspreiing.

Sankara vart inspirert av marxismen og vert ofte brukt av den ytre venstresida i politikken som eit eksempel på ein politisk leiar med marxistiske idear som faktisk var nokolunde vellukka.

Mange kallar Sankara for Afrikas Che Guevara. For nokon, eit positivt ladd kallenamn, for andre, ikkje. Frankrike vart skeptiske. Dei likte ikkje at Sankara ville knyte tette band til Sovjetunionen, og frykta at han skulle vere eit førebilete for andre afrikanske land med sine venstreradikale idear.

Ibrahim Traoré (36) er for tida ein av verdas yngste statsleiarar. Foto: Lamine Traoré / VOA – Voice of America, Wikimedia Commons, Public Domain

Frå Sankara til Ibrahim Traoré (36)

Prosjektet til Thomas Sankara varte berre nokre få år.

I 1987, fire år etter at han kom til makta, vart han brutalt drepen i eit kupp leda av sin kamerat og næraste kollega, Blaise Compaoré. Compaoré bygde ein sterk allianse med Frankrike og vart sitjande som president til 2014.

Sidan da har Burkina Faso vore prega av politisk ustabilitet, som berre har forverra den humanitære situasjonen i landet. I dag sitt den militære kuppmakaren Ibrahim Traoré som leiar. Han er 36 år gammal og er blant verdas yngste statsleiarar.

Dette innlegget publiserte Ibrahim Traoré på X etter å ha vitja president Putin i St. Petersburg i Russland:

Krisa i dag

Kombinasjonen av politisk ustabilitet, ekstrem fattigdom og klimaendringar har laga eit godt grunnlag for ei omfattande fluktkrise. Etter kvart som væpna ekstremistiske grupper har utvida sitt fotfeste i regionen, har Burkina Faso opplevd meir vald og menneskelege lidingar. Konsekvensane er tragiske.

Dei siste åra har over 20 000 menneske vorte drepne og over to millionar menneske driven på flukt.

Samtidig slit mange av dei som er råka av uroa med å få tilgang til grunnleggjande nødvendigheiter som reint vatn, mat, helseomsorg og utdanning. Helsevesenet er under press med høge fødselstal og mangel på medisinsk personell og infrastruktur.

Flyktninghjelpen legg til grunn at mindre enn 5 000 menneske får humanitær hjelp av 500 000 som treng det.

Vanskeleg å hjelpe

Som nemnt er kåringa til Flyktninghjelpen basert på tre kriterium: mangel på humanitær finansiering, mangel på mediemerksemd og mangel på internasjonale politiske initiativ samanlikna med talet på menneske i naud.

Desse faktorane påverkar kvarandre. At det er mangel på mediedekning gjer at det vert mindre politisk initiativ og mindre finansiering av humanitære hjelpetiltak. Statar skryt gjerne av bistandsprosjekta sine, men snakkar ikkje så mykje om dei dei ikkje hjelper.

I tillegg er det vanskeleg å få den humanitære hjelpen inn i Burkina Faso. For det første er det farleg for hjelpearbeidarar å opphalde seg i landet grunna væpna terrororganisasjonar og politisk uro. Naudhjelpsleveransar som kjem på bakken verte blokkerte.

Naudhjelp må komme inn med helikopter. Det er 12 gongar dyrare enn å levere det gjennom vegtransport.

Det gjer at humanitære organisasjonar ofte prioriterer andre område, der dei kan hjelpe fleire. Det er forståeleg, men fortvilande for dei som ikkje får hjelpen dei treng.

– Vi føler oss gløymd

Situasjonen i Burkina Faso gir oss ei viktig påminning om kor alvorlege dei neglisjerte krisene i verda er. Væpna konfliktar, terror og politisk uro gjer det vanskeleg å gjere noko med krisa.

– Vi føler oss gløymd, seier Hawa, ei seksbarnsmor i Burkina Faso som har mått flykte frå heimen sin til Flyktninghjelpen.

Lat oss gjere Hawa og dei andre millionane av menneske som er offer for neglisjerte kriser ei teneste og ikkje gløyme dei.