Min fyrste sommarjobb: Stein Nilsen tømde flytoalett og krasja med ein truck

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 04.08.2020 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein periode denne uvanlege våren var Widerøe, med sin flåte av Bombardier Dash 8-propellfly, Europas største flyselskap.

No er flytrafikken litt nærare normalen, men den administrerande direktøren Stein Nilsen ser likevel føre seg ei anna framtid for Widerøe sine småfly – populært kalla for bussen i distrikts-Noreg. Målet er å erstatte heile den noverande flåten med nullutsleppsfly, og det er no eit samarbeid på gang med Rolls Royce for å utvikle elektriske fly.

Vi stilte Widerøe-sjefen nokre spørsmål om den fyrste sommarjobben – som viste seg å vere starten på ein 36 år lang karriere. Men fyrst måtte han takle lekkasjane frå flytoaletta.

Kva var din fyrste sommarjobb?

Eg hadde nokre strøjobbar i 16-17 års alderen, men den fyrste regulære sommarjobben fekk eg i SAS då eg var 18. Jobben var lasting og lossing av SAS og Widerøe sine fly på flyplassen i Bodø.

Eg køyrde eit transportband inn i ein parkert truck.

Bodø Lufthamn. Her hadde Widerøe-direktør Stein Nilsen sin fyrste sommarjobb. Foto: Lars Engerengen/CC BY SA 3.0

Korleis fekk du jobben?

Eg hadde eit mykje eldre syskenbarn, som jobba i ei anna avdeling på flyplassen. Han og faren min hjalp meg å få eit møte med formannen på avdelinga.

Kva bestod arbeidsoppgåvene dine i?

Arbeidsoppgåvene var varierte. Lasting og lossing av fly var basisjobben, men også køyring av bagasjetraktorar, trapper og transportband. Men oppgåvene eg som ungdom syntest var mest fascinerande var nok assistanse til oppstart og å vinke inn fly.

Hadde du sommarjobben i fleire år?

Eg hadde sommarjobben i to år, samtidig som eg gjekk på vidaregåande skule. Etter vidaregåande fekk eg fast tilsetjing i same jobben. Det var skiftarbeid og eg kunne kombinere det med å gå på høgskule. Det var starten på ei 20 års karriere i SAS. I 1990 flytta eg til Oslo, og eg arbeidde også sju år i Stockholm. Eg forlet SAS fyrst i 2004, då med ansvaret for alle SAS sine flyselskaps-aktivitetar i Noreg.

Eg likte ikkje å tøme toaletta på flya. Vi hadde gammalt utstyr og det vart alltid nokre lekkasjar.

Kva var det beste med jobben?

Det beste med jobben var det gode miljøet og alle dei gode kollegaene. Dersom du var villig til å «stå litt på» blei du raskt akseptert og ein del av miljøet. Det var mange erfarne på avdelinga som var meir enn villige til å lære vekk det dei kunne. Eg likte også skiftarbeid. Då kunne eg kombinere jobb med ein tur til stranda innimellom.

– Arbeidsoppgåvene var varierte. Lasting og lossing av fly var basisjobben, men også køyring av bagasjetraktorar, trapper og transportband, fortel Stein Nilsen. Illustrasjonsfoto: Widerøe

Kva var det verste?

Eg har ingen veldig negative minner frå den tida, men eg likte ikkje å tøme toaletta på flya. Vi hadde gammalt utstyr og det vart alltid nokre lekkasjar.

Kva var den største tabba du gjorde?

Den største tabba fyrste sommaren var at eg køyrde eit transportband inn i ein parkert truck. Det blei ingen store skader, men det ga meg eit par netter med dårleg søvn.

Kva lærte du?

Det viktigaste eg lærte var å fungere i eit arbeidsmiljø, og gjere det eg fekk beskjed om utan å stille spørsmål. Når eit fly sto på bakken var det viktig å vere effektiv. Gode idear og spørsmål kunne vi ta etterpå. Flyet skulle ut igjen på rute, og då måtte ting skje raskt.

Ein av mine beste vener, som eg framleis møter ofte i dag, starta den sommaren saman med meg på SAS i Bodø.

Som sommarvikar var det også særleg viktig å jobbe hardt. Belastninga på dei fast tilsette var allereie stor nok grunna ferieavvikling, og då måtte vi ferievikarane bidra ekstra med det tunge fysiske arbeidet.

Kven blei du kjend med?

Eg blei kjend med mange seriøse, hardtarbeidande og hyggelege menneske. Sidan eg framleis jobbar i flybransjen er eg ofte innom for å helse på dei som er att – 36 år etterpå. Og alle er framleis like hyggelege. Men mellom oss ferievikarane blei det ekstra tett og sosialt. Ein av mine beste vener, som eg framleis møter ofte i dag, starta den sommaren saman med meg på SAS i Bodø.

Kva brukte du pengane til?

Mesteparten av pengane frå den fyrste jobben sparte eg, og brukte dei til å kjøpe min fyrste bil den vinteren.

I sin fyrste sommarjobb klipte Bård Aasen Lødemel kantar, beisa og mala. Foto: Privat/Isak Okkenhaug