Min fyrste sommarjobb: Bård Aasen Lødemel hadde kantklippar og ghettoblaster

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 07.06.2021 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne sommaren er det tjue år sidan Bård Aasen Lødemel (44) og Runar Gudnason (48) starta hip hop-gruppa Side Brok. Gruppa fekk gjennombrotet sitt med låta «1, 2, 3, fyre» i 2004.

Sidan den gong har Aasen Lødemel også gått sine eigne vegar. Under artistnamnet Skatebård gav han ut album allereie i 2002, og har sidan gitt ut ei rekke plater under dette namnet. Den eine av dei, Cosmos (2008), sikra han nominasjon til Spellemannsprisen i klassen for elektronika.

Vi stilte sunnmøringen nokre spørsmål om arbeidslivet før musikk-karrieren:

Kva var din fyrste sommarjobb?

Sett vekk frå plenklipping til eldre folk heime i Hovdebygda, var fyrste eigentlege sommarjobb hjå Studentsamskipnaden i Volda. Dei driv studentbustadar, barnehagar, kafé med meir. Fyrste året eg jobba var vel sommaren etter det fyrste året på vidaregåande, då var eg 17.

Korleis fekk du jobben?

Mor mi arbeidde i Samskipnaden, så ho hjelpte meg å få sommarjobb der.

Kva bestod arbeidsoppgåvene dine i?

Det gjekk mykje i plenklipping, kantklipping, måling og beising (og så bortetter!) av eigedomane til Samskipnaden.

Hadde du sommarjobben i fleire år?

Tre somrar på rad, såvidt eg hugsar.

Bård Aasen Lødemel på ferjekaia i Volda, der han hadde sin fyrste sommarjobb. Foto: Isak Okkenhaug

Kva var det beste med jobben?

At eg kunne ha med “ghettoblaster”, kassett/radiospelar og høyre på feit musikk.

Kva var det verste?

Det var nok dei typiske sommarplagene. Fluger, mygg og brennesler …

Kva var den største tabba du gjorde?

Eg grisa sikkert felt med den målinga og beisen.

Kva lærte du?

Eg lærte kanskje litt om at det er lurt å arbeide viss du vil tene pengar.

Aasen Lødemel var tidleg oppteken av musikk, og har (minst) to artistnamn: Sirkel Sag og Skatebård Foto: privat

Kven blei du kjend med?

Eg arbeidde nok mest for meg sjølv.

Kva brukte du pengane til?

Eg hugsar i alle fall at den andre sommaren eg arbeidde der, så brukte eg pengane på Moldejazz. Det var fyrste festivalen eg var på nokonsinne. Året etter gjekk pengane på Quartfestivalen i Kristiansand.

Frå venstre: Senterungdomsleiar Torleik Svelle, Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus og FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud. Foto: Privat