Stasjonspikene skapte sin eigen sommarjobb

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje alle skruane vi er like stolte av, seier Ingrid Johannesen (21) og Sandra Skiaker (22), og siktar til eigen innsats på snekkerfronten denne sommaren.

Dei har begge oppdaga at dei er meir handy enn dei trudde var mogleg.

– Når det oppstår uføresette problem, så må vi berre ta tak i dei. Vi har fiksa alt frå øydelagde sikringar til lekkasjar frå toaletta.

Sandra og Ingrid står for eit rikhaldig tilbod på nedlagde Kjerre Stasjon i sommar. Foto: Privat

Stasjonspikene på Kjerre

Dei to studentane, som i sommar går under namnet Stasjonspikene på Kjerre, tek seg tid til ein prat på telefon etter å ha gjort seg ferdige med frukostserveringa til dagens overnattingsgjestar. På menyen sto rundstykker og ferske egg frå dei fire stasjonshønene.

Vi bestemte oss for å skape vår eigen sommarjobb.

No har dei mindre enn ein time på seg til å rydde vekk, og gjere klart for opning av kaféen. Samt snakke med Framtida.

– Det er travle dagar, seier dei unge kvinnene. – Men vi tek ting som dei kjem, og har tru på at det meste ordnar seg.

Les også: Min fyrste sommarjobb: Bård Aasen Lødemel hadde kantklippar og ghettoblaster

Ingen ledige sommarjobbar

Ingrid Johannesen frå Fetsund (t.v.) (21) og Sandra Skiaker frå Nittedal (22) elskar å vere sine eigne sjefar. Foto: Privat

Som så mange andre på sin alder måtte Sandra og Ingrid, som har blitt kjende gjennom studiet i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, innsjå at det ikkje kom til å bli noko ferievikariat denne sommaren. Koronapandemien gjorde at berre halvparten så mange arbeidsgjevarar som vanleg lyste ut slike stillingar.

– Så vi bestemte oss for å skape vår eigen sommarjobb!

Utgangspunktet for planen var den nedlagde togstasjonen Kjerre stasjon, ved Veggli i Numedalen. Far til Ingrid er mellom medeigarane av stasjonen, som til vanleg blir mykje brukt som leirstad for skuleklasser. Men denne sommaren sto den tom, også som følgje av korona.

– Faren min foreslo at vi kunne reise hit og selje vaflar til dresinsyklarane, fortel Ingrid.

– Men vi hadde lyst til å gjere litt meir ut av det. Vi hadde massevis av idear, og vi har klart å realisere … ikkje alle, men mange av dei. Å få vere sin eigen sjef er utruleg kjekt!

 

Budsjettalternativ

Gjennom telefonrøyret høyrest klirr av bestikk, og ein svak lyd som liknar klukking frå hønene.

Vi synest det er synd at noregsferie ofte er dyrt og utilgjengeleg. Vi ville vere eit budsjettalternativ.

Kjerre stasjon har ei flott plassering langs den nedlagde Numedalsbana, med utsikt mot ein oppdemma del av Numedalslågen. Ingrid og Sandra nøyer seg ikkje med å tilby overnatting og frukost her, dei leiger også ut kano, båt og badestamp, og samarbeider med dei som leiger ut dresinsyklar. Alt til ein billeg penge.

– Vi synest det er synd at noregsferie ofte er dyrt og utilgjengeleg. Vi ville vere eit budsjettalternativ, der ein kan ta med storfamilien og skape gode ferieminner.

Fullt opp med gjestar

Sidan Stasjonspikene opna den 1. juli har det gått over all forventning.

– Vi får daglege førespurnadar, og har hatt nesten fullt opp med gjestar kvar einaste natt, fortel dei.

Også for folk frå bygda her har stasjonen blitt eit samlingspunkt.

Målsetnaden var å gå i null, men no ser det ut til at dei kjem til å site igjen med litt for innsatsen. Dei to vertane har også fått tilbakemeldingar på at dei kunne ha teke seg bedre betalt for tilbodet.

– Det blir vi glade for, for det tek vi som eit teikn på at folk er fornøgde. Å tene pengar er uansett ikkje det viktigaste for oss. Det er ikkje alt strevet, eller kor mykje vi lagt ut og fått tilbake vi kjem til å hugse, det er menneska og opplevingane.

Samlingspunkt for bygda

Det nærmar seg opning av kaféen, og Ingrid og Sandra snakkar merkbart raskare når dei fortel. Dei nemner at dei har fått mykje positiv respons frå lokalsamfunnet i Rollag kommune.

– Også for folk frå bygda her har stasjonen blitt eit samlingspunkt. Det er fleire som er innom kaféen dagleg, og sit her heilt til stengetid.

Sandra Skiaker serverer to av dei mange kafégjestane som har vore innom i juli. På menyen har dei iskaffi og nysteikte vaflar med krem og granskuddsirup. Foto: Privat

Som vordande samfunnsgeografar er dei unge kvinnene interessert i korleis kommunen arbeider for å motverke fråflytting, og trur også at eit tilbod som det dei står for i sommar kan vere med å påverke positivt.

No kjenner vi att alle vi treffer på butikken, og er på hels med dei fleste.

– Vi vil gjerne gje noko tilbake til lokalsamfunnet her.

Fristande? Også badestamp leiger Stasjonspikene ut. Foto: Privat

Då dei opna stasjonen inviterte Ingrid og Sandra lokale ressurspersonar. Bedrifter kunne kome og selje varene sine, og ein lokal musikar spelte og fortalde historier om nærmiljøet.

– No kjenner vi att alle vi treffer på butikken, og er på hels med dei fleste. Det er veldig kjekt!

Feirer suksessen

Kvelden før vi snakkar med dei, sat dei to unge kvinnene i hengekøya ute på tunet, og såg utover det oppdemma elvevatnet. Dei høyrde plaska frå kanoårer mot overflata, og barnelatter frå stampen. Omsider greidde dei å slappe heilt av, og kose seg sjølve også.

– Vi kjenner oss veldig stolte over alt vi har fått til, seier dei to, som planlegger å halde ope til 31. juli. Då kjem ein gjeng med vener for å feire suksessen ilag med dei.

– Kjem Stasjonspikene tilbake neste sommar?

– Det vil tida vise. Mange har fortalt oss at dei håper det, og det er ikkje til å legge skjul på at det er ein skikkeleg artig sommarjobb!

Stasjonspikene på Kjerre stasjon. Sandra og Ingrid veit enno ikkje om dei dukkar opp igjen til stasjonen sitt 100-års jubileum neste år. Foto: Privat