Drøymer du om sommarjobb? Dette bør du tenkje på!

Framtida
Publisert
Oppdatert 02.06.2019 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommaren er rett rundt hjørnet og det er sikkert mange ungdommar som gjerne vil tene litt pengar i sommarferien.

Men korleis går ein fram for å finne seg ein sommarjobb? Nokon tenkjer kanskje at sommarjobb betyr det same som endelause dagar i jordbæråkrane eller som avisbod. Sjølv om dette er supre jobbar for mange finst det eit mylder av moglegheiter om ein tenkjer litt kreativt.

Færre har sommarjobb

Forsking frå SSB viser at færre unge har sommarjobbar og deltidsjobbar. På slutten av 1990-talet var det opp til 75 prosent av unge som hadde yrkesinntekt, i 2015 var det berre halvparten av ungdommane med slik inntekt.

Vi har tatt ein prat med informasjonskonulent i UngInfo, Ann Helen Evertsen, for å finne ut meir!

Korleis er arbeidsdagane og aldersgrensa for å jobbe når det gjeld ungdom?

– Når ein er under 13 år treng ein tillating og underskrift av ein føresett for å kunne ha ein sommarjobb.  Ein vanleg arbeidsdag kan vere for lang for ein under 18, men 5 timar det er ein normal arbeidsdag for ein under 18. Om ein vil jobbe i helgene er det moglegheiter for å jobbe lenger om ein ønsker, så lenge det ikkje går utover skulen.

– Korleis går ein fram når ein skal finne ein sommarjobb?

– Det kan vere lurt å besøke arbeidsplassen personleg slik at arbeidsgjevaren lettare kan få eit godt inntrykk av deg og kanskje få nokon idear om korleis du fungerer sosialt. Det beste for å skape ein god relasjon er ofte å kjenne eit godt handtrykk i staden for ein telefonsamtale.

Eit viktig tips kan vere å hugse å smile, ned med hetta og av med øyreproppane! Dette er viktig når ein skal presentere seg, seier Ann Helen med eit smil på lur.

Ann Helen Evertsen har mange tips til arbeidsvekereporter Mateo Jimenez Tilrem. Foto: Andrea Nøttveit

– Kva er viktig å få med i ein CV eller søknad når ein er ungdom og uerfaren?

– På ein jobbsøknad burde ein vise at ein verkeleg har lyst på jobben og at ein kan tilby noko. Det er også viktig å få fram kor motivert ein er for jobben. Om ein har vore i elevrådet, vore kaptein på laget eller har andre plikter kan det vere lurt å inkludere det i søknaden for å vise at ein er engasjert og til å stole på.

– Er det tillate å fortsette i same stilling resten av året, som ein ekstrajobb?

– Sommarjobbar er ein fin start om du ønskjer å halde fram i same stilling som ein ekstrajobb. Når sommaren er over og du har lyst på jobb kan det vere nyttig om du snakkar med sjefen din om kor mykje du likte jobben og at du vil fortsette.

– Kva er minstesats når det gjeld timelønn for unge og må ein betale skatt?

– Når ein er ungdom trengjer ein ikkje å betale skatt før ein har tent over 55 000 kroner. Når du fyller 13 skal du ha skattekort eller frikort for å kunne tene pengar. Frikortet viser at arbeidsgjevaren ikkje skal trekke skatt. Om du tenker at du kan tene meir enn 55 000 kroner må ein ha eit skattekort.

LOs sommarpatrulje vitjar unge arbeidstakarar på jobb og avslører brot på rettane deira kvar einaste dag. I fjor fortalde LOs sommarpatrulje at fleire unge arbeidstakarar melder frå om seksuell trakassering.

– Kven kontaktar ein om ein opplever ubehag på arbeidsplassen?

– Opplever du ubehag på arbeidsplassen kan du kontakta nokon du stolar på eller ein du fekk opplæring av. Om det er nokon av dei som lagar ubehaget kan du kontakta UngInfo, avsluttar Ann Helen.

Les også om Anna (13), som styrer det historiske Post- og telemuseet i Lærdal:

FØRSTE SOMMARJOBB: I sin første sommarjobb styrer13 år gamle Anna Post- og telemuseet i Lærdal, noko ho tykkjer er spanande. (Bilde: Sunniva Knutsen)