«Rekonstruksjon Utøya» vann Guldbagge for beste regi

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil takka Guldbaggejuryen for at de vil utvida omgrepet regi. Eg vil òg takka dei medverkande i Rekonstruksjon Utøya for at de våga å gå tilbake og rekonstruera den 22. juli på Utøya, sa regissør Carl Javér ifølgje SVT då han fekk prisen.

Med ein av dei mest prestisjetunge prisane vart den iscenesette dokumentarfilmen ein av dei store vinnarane under gårdsdagens Guldbagge-galla.

Les også: Utøya 22. juli-skodespelar Solveig Koløen Birkeland (17) har blanda følelsar knytt til Amanda-nominasjonen

Norske ungdommar i hovudrollene

Rekonstruksjon Utøya, som er delvis norskprodusert og har utelukkande norske ungdommar framfor kamera, har hausta mange lovord frå kritikarane.

Regissør Javér har fått med seg fire overlevande frå Utøya som instruerer andre norske ungdommar til å spele ut deira oppleving på eit filmsett i Nord-Noreg.

Her kan du lese vår melding av Rekonstruksjon Utøya, som ikkje berre er ein rekonstruksjon av det grufulle som skjedde, men òg av samhald og engasjement blant ungdommar.

Oscar-kandidaten

Den suverene vinnaren under svenskane sin største filmpris vart trollfilmen Grensen. Regissør Ali Abbasi sin sjangeroverskridande film vart kåra til beste film og henta tilsaman heim seks Guldbaggar.

Abassi nytta takketalen til å skryta over svensk film.

– Me skal vera stolte over oss sjølv. Sverige har gjort jævlig gode greier dette året, sa regissøren ifølgje SVT.

Filmen var òg svenskane sin kandidat til Oscar-komiteen, men nådde ikkje opp til nominasjon for beste framandspråklege film under årets Oscar-utdeling. Produksjonen kan likevel få ein Oscar-statuett i kategorien beste hår og sminke.

Les også: Casting-bransjen består nesten utelukkande av kvinner. Kvifor har dei ikkje ein eigen priskategori?

Skodespelar Eva Melander er ikkje til å kjenna att i rolla som tollinspektøren Tina. Foto: Another World Entertainment

Skodespelar Eva Melander er ikkje til å kjenna att i rolla som tollinspektøren Tina. Foto: Another World Entertainment

Beste lyddesign, visuelle effektar og sminke

Under Guldbaggen fekk hovudrolleinnehavar Eva Melander pris for si tolking av tollbetjenten Tina, som aldri har passa inn. I tillegg fekk Eero Milonoff  pris for beste mannlege birolle for si tolking av den merkelege skikkelsen Vore.

Les meldinga av svenske Grensen, ein film som gir så mange sterke inntrykk at ein som sjåar nesten vert utmatta av å sitje og vri både kropp og hjerne.

Filmen henta òg heim prisar for beste lyddesign, beste visuelle effektar og beste maske og sminke.