Fritt Ord-honnør for NRK-serien «22. juli»


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Blikket filmskaparane har hatt på kva institusjonane betyr under ekstraordinære forhold, formidla gjennom vanlege menneske på jobb, gir innsikt i sider ved det norske systemet som også har fått ny aktualitet under koronakrisa i 2020, seier styreleiar Grete Brochmann i Stiftelsen Fritt Ord i ei pressemelding.
Ekteparet Sara Johnsen og Pål Sletaune skapte serien saman med Johnsen som hovudforfattar av manus og Sletaune som hovudansvarleg for regi.
Dei seks episodane i TV-serien «22. juli» vart viste på NRK i januar og februar i år.
- Les også om korleis arbeidskvardagen er for Yngvill (39), som har plukka ut skodespelarane til «22. juli»: – Kan kjennest som magi i castingrommet
Sjå traileren til serien her: