Bortebuarar heime får stipend

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du fått og takka ja til skuleplass på vidaregåande skule for hausten? No kan du søke om stipend frå Lånekassen.

Bur du borte frå foreldre for å gå på skule, kan du få bortebuarstipend på 4603 kroner i månaden. I tillegg har nokre rett på inntektsavhengig stipend (tidlegare grunnstipend) fordi inntekta til foreldra er svært låg, skriv Lånekassen i ei pressemelding.

No kan du søke om stipend frå Lånekassen til vidaregåande utdanning. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Blir rekna som bortebuarar

Elevar som må flytte heimanfrå for å gå på vidaregåande skule, men som startar skuleåret med å bu hos foreldra på grunn av koronasituasjonen, vil bli rekna som bortebuarar hausten 2020.

Alle vidaregåande elevar kan få utstyrsstipend. Det stipendet har fire satsar, frå 1071 kroner til 4412 kroner, og skal gå til utstyr elevane treng i opplæringa.

For elevar under 18 år er det eit krav at foreldra signerer for stipendet.