No får du rekordlåg rente på studielånet
Den flytande renta i Lånekassen blir sett ned til 1,539 prosent frå 1. september, noko som er det lågaste ho har vore nokosinne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette er 0,62 prosent lågare enn dagens nivå. Sidan mars har den flytande renta gått ned frå 2,599 prosent, opplyser Lånekassen.
Sist den flytande renta var på eit tilnærma nivå, var i 2016 då ho i ein periode låg på 1,756 prosent.
Renta i Lånekassen er basert på utrekningar frå Finanstilsynet ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda på bustadlån i marknaden og blir fastsett seks gonger i året.