Unge kastar seg ut i aksjemarknaden – kan skuldast tippestopp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå AksjeNoreg viser at det no er 127.000 aksjehandlarar i alderen 18–40 år. Det er nesten like mange som i aldersgruppa over 60 år, skriv Dagens Næringsliv.

NHH-professor rår unge til å spara i fond

Førsteamanuensis Espen Sirnes ved Handelshøgskolen i Tromsø har inga sikker forklaring på kva som trekkjer unge til aksjemarknaden.

– Det er vanskeleg å seie, men ein hypotese er jo at folk som elles driv med pengespel, har vorte lokka til børsen av mangel på sportsarrangement under koronakrisa, seier han.

Økonomiprofessor ved NHH, Tore Johnsen. Foto: NHH

Professor Thore Johnsen ved Noregs handelshøgskole (NHH) rår dei som ikkje har erfaring med aksjehandel, til å gå inn i fond. Samtidig meiner han det kan vere det same om dette er folk som tidlegare ville ha brukt dei same pengane på fotballtipping eller spel på hest.

– Ein taper pengane fortare på børsen enn på travbanar, konkluderer Johnsen.