I denne amerikanske småbyen kan du betala med tre

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Byen kunne delt ut bankkort eller kontantar, men då veit vi ikkje kvar pengane går. Dette er ein av måtane me kan behalde pengane her i lokalsamfunnet.

Det seier Tyler Whitworth, tidlegare president i det lokale handelskammeret, til Seattle Times.

Denne veka skreiv dei og fleire andre nettstader om den vesle amerikanske byen Tenino i staten Washington, som går nye vegar for å hjelpa lokale bedrifter ut av koronakrisa.

Dei trykker opp ein eigen valuta på tynne treplater, som berre kan brukast lokalt. Slik vil dei gje krisehjelp til fattige familiar, og sikra at pengane går til lokalt næringsliv.

Tenino-ordførar Wayne Fournier seier til Framtida.no at fleire lokale bedrifter tilset unge etter at restriksjonane letta. Foto: Tenino

Trykkjer opp trepengar

– Amazon vil ikkje ta imot dollar av tre, seier Tenino-ordførar Wayne Fournier til The Hustle.

Fournier fortel til The Hustle at fleire bedrifter allereie har varsla at dei ikkje kjem til å opne att og ventar at dei som står pandemien over vil trenga ein boost.

Samstundes som lokale bedrifter vart råka såg ordføraren ein skremmande lang kø ved den lokale matbanken og kom på ideen om ein eigen valuta, som berre kan brukast lokalt.

Byen sette av 10.000 dollar, som innbyggjarar under fattigdomsgrensa kan søkja om å få. Dei vert gitt ut i form av ein eigen valuta trykt på tynne treplater.

Pengane vert trykt med ei 130 år gamal avispresse som har sin faste plass på eit lokalt museum.

Kvar tresetel er verd 25 amerikanske dollar og innbyggjarane kan få inntil 12 slike i månaden, noko som tilsvarer 300$. Nesten alle lokale butikkar tek imot valutaen, som dei seinare kan veksla inn i amerikanske dollar hjå kommunen.

Det er likevel nokre restriksjonar på kva pengane kan brukast til. Pengane er tenkt til naudsynte varer, som mat, drivstoff og velvære. Dei kan ikkje brukast til å kjøpa sigarettar, alkohol eller på lotteri.

Fattigdom og arbeidsløyse

Tenino er ikkje åleine om å bruka lokal valuta som verkemiddel under koronapandemien.

I april i år lanserte den vesle italienske byen Castellino del Biferno den lokale valutaen Ducati, meksikanske Santa María Jajalpa gav ut sin eigen lokale valuta til mat, og Boston Review skriv om den barsilianske byen Maricá som nyttar den digitale valutaen mumbuca.

Fleire lokalsamfunn verda over har testa ut lokal valuta som eit verkemiddel for å stimulera eigen økonomi. Foto: Schumacher Center

Eit anna døme er bydelen Brixton i London som i kjølvatnet av finanskrisa i 2008 lanserte Brixton Pound, som vert pryda av lokale heltar som David Bowie.

Kathryn Moses poserer med Tenino-valuta laga av tre i 1932. Foto: World Wide Photo / Los Angeles Times; 1932

Trykte Tenino-dollar under depresjonen

Dette er ikkje første gong Tenino tek grep og lagar lokal valuta for å sikra næringslivet og innbyggjarane.

Då den lokale banken stengde dørene under depresjonen i 1931 mista mange sparepengane sine. Den lokale avisutgjevaren Don Major kom då med ideen om å starta ein lokal valuta. Etter å ha fått godkjenning trykte han opp setlar verd 25 cent, 1$, 5$ og 10$ på tynne plater av sitkagran.

Innan ordninga var over i januar 1933 hadde byen trykt opp lokal valuta til ein verdi av 6500 dollar og pengane var blitt eit samleobjekt, der folk betalte inntil 10 gonger prisen for 25 cent-setlane.

Då The Hustle snakka med ordføraren hadde allereie eit dusin søknadar om pengar vorte godkjent, medan fleire var under behandlingar.

Fleire lokale butikkar har òg lagt ut bilete av at dei tek imot pengane:

Høg arbeidsløyse blant unge

Tenino er i utgangspunktet fattigare enn resten av staten Washington, noko som mellom anna kjem til uttrykk gjennom at fleire skuleelevar lyt få gratis eller billegare skulelunsj.

Koronapandemien og restriksjonane som tek sikte på å hindra spreiing har råka verdsøkonomien hardt. Arbeidsløysa har stige over heile verda. I mai var det registrert 13,3 % arbeidsløyse i USA, noko som er det høgaste sidan 1940.

Blant unge i alderen 16-24 år var arbeidsløysa 25,2%, noko som kan måla seg med den store depresjonen på 1930-talet.

Færre sommarjobbar, men fleire i daglegvare

Ordføraren forklarar via e-post til Framtida at kommunen har måtte skalere ned på sommarprogramma for ungdom og at dei ikkje har tilsett unge arbeidstakarar i parkvesenet slik dei plar.

Han ser likevel positive tendensar i lokalmiljøet og fortel om fleire nye tilsetjingar etter at samfunnet opna opp att.

– Daglegvarekjedane har måtta auka bemanninga betrakteleg og mange av desse er unge. Restaurantar som nedskalerte, men haldt ope under nedstenginga, var i ein posisjon til å opne opp raskt og har tilsett nye. Folk har vore forsiktige, men klare til å føla ein grad av normalitet igjen, skriv ordføraren.