Utgreiing av «homoterapi»-forbod lèt vente på seg
Eit forbod mot homoterapi skulle vore ferdig greidd ut i vår, men utgreiinga er ikkje klar. Likestillingsminister Abid Raja (V) seier saka er vanskeleg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Konverteringsterapi, og eit eventuelt forbod mot dette, reiser mange og vanskelege juridiske problemstillingar. Det er få land som har eigne forbod mot dette, og det er derfor få stader å hente erfaringar frå, skriv Raja i eit svar til Stortinget.
Les også: På to døgn har over 80.000 skrive under på oppropet «Nei til homoterapi»

Kristoffer Dragesæt (30) er overvelda over responsen på underskriftskampanjen han initierte for å seia nei til såkalla homoterapi. Foto: Privat/Skjermdum

Stortingsrepresentant for Ap, Anette Trettebergstuen, sit i Familie- og kulturkomiteen. Foto: Stortinget
Trettebergstuen: – Kva skjer?
Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet peikar på at regjeringa tidlegare har sagt at utgreiinga skulle vere ferdig tidleg i vår.
– Kva skjer? lyder det korte spørsmålet hennar til statsråden.
– Til liks med mykje anna arbeid som går føre seg, har covid-19 dessverre ført til forseinkingar òg i dette arbeidet. På det noverande tidspunktet er det derfor vanskeleg å anslå når utgreiingsarbeidet kan ferdigstillast, svarer Raja.
Les også: Fpu-leiaren om «homoterapi»: – Må vere lov å vere trist homo
Ikkje fleirtal for forbod
Konverteringsterapi, eller homoterapi, har som mål å endre den seksuelle orienteringa til menneske og er knytt til nokre religiøse miljø.
Ap og MDG foreslo i fjor haust eit forbod mot praksisen, men fekk ikkje fleirtal på Stortinget. I staden vart regjeringa beden om å greie ut saka.
– Det personlege og politiske synet mitt er at religionsfridommen ikkje bør gi rett til å påføre andre skam og skuldkjensle, og at fridommen til den enkelte ikkje kan avgrensast av den religiøse moralen til andre. Det er likevel lettare å fordømme dette frå ein personleg og politisk ståstad. Det er dermed ikkje einstydande med at det er enkelt å forby alle slike handlingar, skriv Raja.

I 2018 lanserte Lucas Hawrylak (midten) eit opprop for eit tysk forbod mot homoterapi. Han jublar over det tyske lovforslaget, men meiner det kan bli betre. Foto: Twitterhttps://framtida.no/2019/11/13/tyskland-vil-forby-homoterapi-for-barn-ingen-skal-bli-leia-til-a-tru-at-du-kan-helbreda-homoseksualitet