Politikarar unngår å ytre seg av frykt for netthat

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten halvparten av dei spurde i undersøkinga unngår å ytre seg om spesielle tema av frykt for netthat. Dette fører til at viktige perspektiv aldri blir høyrde i debattane, meiner kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

– Då mister vi viktige stemmer og risikerer å stå igjen med ein meir polarisert debatt som ikkje reflekterer kva folk flest meiner. Vi skal ha ein politisk debatt med stor takhøgd og tøffe debattar, men hets og truslar skal vi ikkje finne oss i, seier Mæland til NTB.

Det er organisasjonen No hate, som jobbar med å kjempe mot netthat i Noreg, som står bak undersøkinga. Ho vart gjennomført i april og mai i år, i samarbeid med dei politiske partia på Stortinget. Undersøkinga vart sendt ut til tillitsvalde i partia og 1.492 har svart.

Demokratisk problem

– Det er ille nok at tillitsvalde over heile landet opplever at netthets skaper eit hatefullt og lite konstruktivt debattklima, men det blir først eit demokratisk problem når vi ser på kva for konsekvensar det får for deltakinga til politikarane i dei mest utfordrande debattane, seier dagleg leiar i No hate Anne Authen.

Innvandring, religion, klima, miljø, seksuell orientering, likestilling og by- og landsproblematikk er tema som mange politikarar lèt vere å kommentere.

– Det er eit alvorleg demokratisk problem viss debattklimaet gjer at politikarar og andre unngår visse saker, seier Mæland, som har invitert til eit dialogmøte om hatefulle ytringar 20. august. Der skal mellom anna KS, lokalpolitikarar frå alle stortingspartia og ungdomspartileiarane delta.

LES OGSÅ: Råd til vaksne og unge om god ytringskultur

Trekker seg frå tillitsverv

Ifølgje undersøkinga har fire av ti lokalpolitikarar vorte utsette for hatefulle ytringar. 20 prosent av desse har trekt seg frå verva sine i kommunevalet i haust på grunn av netthets.

– Belastinga kan rett og slett bli så stor, både for enkeltpersonar og familien, at politikarane mistar motivasjonen og trekker seg tilbake. Kvar gong det skjer, taper både demokratiet og lokalsamfunna våre, og undersøkinga viser dessverre at det skjer altfor ofte, seier Authen.

Ho trekker fram at 60 prosent av politikarane opplever ein samfunnsdebatt som er prega av personangrep framfor saklege diskusjonar. I undersøkinga svarte 1 av 3 politikarar at dei opplever at personifisering av bodskap på dei digitale plattformene førar til polarisering av debatten.

LES OGSÅ: Slik møter du nedsetjande ytringar på nett

Hadia Tajik (Ap).

Bøter for netthets

Arbeidarpartiet meiner netthets ikkje får tilstrekkelege konsekvensar og har foreslått å gi politiet moglegheit til å gi forenkla førelegg.

Det er mellom anna Ap-politikar Maria-Karine Aasen-Svensrud og Ap-nestleiar Hadia Tajik som har fremma representantforslaget i Stortinget, skriv VG.

Mæland seier regjeringa er open for å diskutere alle forslag, men at bøtelegging har nokre utfordringar.

– Det er utfordrande fordi mykje må overlatast til tolkingar. Eg må òg understreke at mange hatefulle ytringar allereie er forbodne gjennom straffelova, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Ali Hamza (18) vurderte å slutta å engasjera seg på grunn av netthets

Fylkesleiar i Rogaland AUF, Ali Hamza, opplevde at politiet tok saka hans på alvor då han som 16-åring anmeldte hatefulle ytringar i kjølvatnet av eit debattinnlegg.