Eit grønt Vestland treng Arbeidarpartiet

Tarjei Øyvindsson Hamre, Miljø- og klimaansvarleg, AUF i Vestland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For å få ein god, framtidsretta og gjennomførbar miljø- og klimapolitikk treng du ikkje å sjå lenger enn Arbeidarpartiet.

Det nye storfylket Vestland kjem til å vere eit av Noreg sine største naturskattar, og eit industrielt senter for heile landet. Det er då viktig at me kan både behalde denne fine naturen som dreg folk frå alle jorda sine kantar hit, samt at me beheld jobbane som har løfta Sogn og Fjordane og Hordaland dit me er i dag.

Me kjem oss ikkje gjennom det grøne skiftet viss me ikkje omstiller industrien vår. Me på Vestlandet er ekspertar både på tilpassing, omstilling og nyvinning. Det er inga tvil om at me kan klare å drive både det nye Vestland og heile Noreg gjennom ei grøn omstilling. Dette er noko Arbeidarpartiet har innsett, og vil jobbe hardt for å realisere.

Me kjem oss ikkje gjennom det grøne skiftet viss me ikkje omstiller industrien vår.

For å få dette til har me fleire gode og gjennomførbare tiltak. Eit av desse er at me vil elektrifisere mest mogeleg av transporten i fylket. Vestland kjem til å ha store distansar og mange bussar og ferjer. Derfor vil Arbeidarpartiet jobbe for å elektrifisere ferjene og bussane våre, i tillegg til at me vil starte prosjekt for å elektrifisere flya våre. I tillegg vil me gjere det lettare for folk å reise kollektivt. Me vil at ungdomskortet skal vare til du er 23, at alle studentar skal få rabatt, uansett alder, og at alle i Vestland skal ha mogelegheit til å reise kollektivt.

Eit anna tiltak er at me vil satse på grøn industri og teknologi. Me vil skape nye jobbar og næringar rundt det å vere klimavenleg som kan lage produkt som igjen kan hjelpe i å gjere samfunnet grønare.

Arbeidarpartiet vil byggje opp endå meir produksjon av fornybar energi i fylket vårt, både via vindkraft i havet og oppgradering av vasskraftverk, slik at verken det nye Vestland eller heile Noreg treng å bruke noko fossilkraft. Me vil byggje ut anlegg for karbonfangst og lagring, slik at me ikkje berre kan arbeide for å stoppe klimaendringane som kjem, men og for å reversere det som er gjort, og me vil støtte utviklinga av alternative materialer som kan erstatte plast og sette inn tiltak for å hindre at plast kjem ut i naturen.

Me vil skape nye jobbar og næringar rundt det å vere klimavenleg

I motsetnad til Høgre og Framstegspartiet, vil ikkje Arbeidarpartiet bruke fjordane våre som bossplassar eller gjere det lettare å sleppe ut klimagassar. Me vil ikkje skape uvisse for verken arbeid eller miljø, slik politikken til H og FrP gjer. Ap-styrte kommunar klarar både å ha tryggare arbeid og større utsleppskutt enn dei som er styrte av H og FrP. Både Arbeidarpartiet og nordmenn flest gjer sitt beste for å løyse klimakrisa, men Høgre og FrP gjer ingenting. Derfor må me stå sterkt i felleskap mot H og FrP si regjering. Når dei aukar utslepp nasjonalt, so må me sørgje for å kutte utslepp lokalt.

Ei stemme til Høgre og FrP er ei stemme på klimafornektarar som ikkje bryr seg om dei noverande og dei kommande generasjonane. Viss du vil ha eit Vestland som tek vare på både natur og arbeid, både no og i framtida, so må du stemme Arbeidarpartiet, for me står sterkare i felleskap

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no