Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var på biblioteket nesten kvar einaste dag då eg kom til Noreg. No går eg der mest for å låna bøker, seier Natnael Leake.

18-åringen kom til Noreg frå Eritrea i fjor haust. Framtida.no møter han saman med Mulki Mire Guled (22) på skulebiblioteket til Årstad vidaregåande skole i Bergen.

Leake drøymer om å bli lege, medan Guled vil bli sjukepleiar. Begge to er leseglade, men i hyllene på bibliteket er det ikkje lett å finna fleirkulturelle historier.

Minoritet i litteraturen

Aftenposten kunne tidlegare i haust fortelja at berre fem prosent av barne- og ungdomsbøkene til dei største forlaga har ein hovudkarakter med tydeleg fleirkulturell bakgrunn. Avisa har sett på bøkene som kom ut dei siste fem åra.

Då forfattar Sunniva Relling Berg ville skriva ei barnebok der hovudpersonane budde på asylmottak fekk ho hjelp av mellom andre Leake og Guled.

– Eg fekk gode innspel på kva som var vanskeleg å forstå, og me snakka òg om kva som fenga i historia, fortel Relling Berg.

Læraren lærte

Sunniva Relling Berg jobbar som skulebibliotekar på Årstad vidaregåande i Bergen og møtte Guled i innføringsklassen der for tre år sidan.

22-åringen er éi av fleire elevar som forfattaren har fått hjelp frå i arbeidet med boka Polarnatt, som kom ut på Samlaget i haust.

I boka møter me seksten år gamle Ilias som bur på asylmottak med søstera si Amira på ni år. Ein dag skjer det noko som gjer det farleg å bli verande. Søskena må rømme ut i den mørke natta.

– Eg synest boka er spennande og bra, rosar Guled, som sjølv kom til Noreg frå Somalia for fire og eit halvt år sidan.

– Det var nokre ord som eg ikkje skjønte, fortel Mulki Mire Guled (til høgre). Ho og Natnael Leake (venstre) har hjelpt forfattar Sunniva Relling Berg i arbeidet med boka Polarnatt.

Framand i Troms

– Boka er for alle som vil bli med ut på eit spanande eventyr i vintermørket, og spesielt dei mellom ni og tolv år og dei som les i motvind, seier Sunniva Relling Berg.

Sidan ho skreiv om noko som var såpass langt frå eigen kvardag, ville ho ta utgangspunkt i ein gong ho sjølv kjende seg ny og framand; då ho byrja på folkehøgskule i Troms.

– Eg har kjend på kor nådelaus kulda kan vere og kor magisk det kan vera å fyka over ei snøkledd vidde sittande i ein hundeslede. Slik kunne eg betre sette meg inn i korleis det er for hovudpersonane i Polarnatt, Ilias og Amira, når dei må gå ut i ei iskald natt.

Få siste nytt om bøker: Meld deg på nyhendebrevet vårt!

Ord som «månelyst» og «marihøne» var framand for Natnael Leake (18) og Mulki Mire Guled (22).

Vanskeleg å finna bøker

Som skulebibliotekar har Sunniva Relling Berg opplevd at det er vanskeleg å finna gode bøker til minoritetsspråklege elevar.

Ho forklarar at elevane gjerne ønsker å lesa bøker som ikkje berre er skumle og mørke.

– Mørke har mange av dei opplevd meir enn nok av allereie. Som bibliotekar har eg snakka med fleire kollegaar som opplever det same, og det er underleg at det skal vera så vanskeleg å finna lettlesne bøker som endar godt.

Leseglade

Guled og Leake har vore igjennom mange norske eventyr av Asbjørnsen og Moe.

Natnael Leake (18) synest Kurt koker hodet-boka til Erlend Loe er morosam.

Men det er meir moderne litteratur Leake trekk fram når han skal velje favorittar.

En pingles dagbok synest eg er morosam. Og Kurt koker hodet, seier 18-åringen, som har Vi var løgnere av E. Lockhart som favoritt.

Guled har på si side falt for Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold, som har gjort inntrykk.

– Starten på boka er trist. Den fortel om naboane som berre går forbi. Boka viser at me må ta vare på kvarandre, seier ho.

– Kva er forskjellane på norske bøker og bøkene de las i heimlandet dykkar?

– Historiane liknar på kvarandre. Du har lyst til å finna ut kva som skjer til slutt og så lærer me noko mens me les, seier Guled. Leake er einig.

– I heimlandet las eg både eventyr, bøker med sanne historiar, om religion og andre bøker. Der snakka me meir om bøkene me las – og kva me opplevde når me las dei, seier han.

– For å stoppa omskjering er ikkje eit forbod nok. Vi må endra måten folk tenker på, seier Mulki Mire Guled (22). Foto: Svein Olav B. Langåker